tirsdag 23. august 2016

Sunnmøre Villsaulag: Invitasjon til medlemstur til Uksnøya 03.09.16

Sunnmøre Villsaulag har gleda av å invitere til medlemstur til Uksnøya, ei lita øy lengst ute i havgapet på grensa mellom Sunnmøre og Romsdal. 


På Uksnøya har det truleg vore drift med gamalnorsk sau i fleire hundre år, om ikkje lenger, før nedlegging av drifta og fråflytting i 1958 gjorde at øyane grodde att. I 1993 starta drifta med gamalnorsk sau opp att, og mange besetningar på Sunnmøre har starta seinare opp med livdyr frå besetninga på Uksnøya. For ti år sidan starta ein opp att med lyngbrenning øyane, noko som har vore med på å føre øygruppa inn som A-lokalitet (svært viktig) i det nasjonale registeret Naturbase. På Uksnøya finn ein og eit rikt fugleliv med fleire sjeldne observasjonar og det eldste huset på Mørekysten som står på sin opprinnelege stad; ei gammal røykstove frå 1500-talet.


Foto: Daniel Fjørtoft




Villsaudrifta på Uksnøya er av den meir ekstensive typa, normalt utan tilleggsfôring, og der tilknytinga til havet og lyngbrenning er ein viktig del av drifta. Vi håper på ein kjekk og lærerik dag, med mange gode diskusjonar, historier og god mat.
For meir informasjon om Uksnøya, ta ein kik på http://www.villsausida.no/p/uksnoya.html

Program for dagen:
10:00     Avreise Brattvåg med skyssbåten Størkå (ca 30 min tur)
11:00     Velkomst, historieforteljing og markvandring
13:00     Matservering på tunet – fiskesupe og smørloff
14:00     Omvising på garden og villsaudiskusjon
16:00     Heimreise med Størkå til Brattvåg (ca 30 min)


Pris inkluder skyssbåt og mat: ca 450 kr per pers (pris kan variere litt, alt etter talet på reisande).
Det er også mogleg å ta båt ut sjølve, pris for kun mat er då 100 kr per pers.

Det er atterhald om at vêret er på vår side denne dagen.  Ved mange påmelde kan det vere at vi må sette opp fleire båtturar, noko som vil medføre litt ulike avreisetidspunkt.

Det er sjølvsagt mogleg å ta med følgje eller familie på turen, og ta gjerne med kikkert.

Ta turen då vel! Påmelding til Egil Kvalsund, post@kvalsundgartneri.no eller 95844930.
Bindande påmelding seinast 28.08.16.

Nb: Om du ikkje er medlem, er det endå ikkje for seint å melde seg inn!


På vegne av Sunnmøre Villsaulag og Uksnøy Villsaulag DA
Egil Kvalsund og Daniel Fjørtoft
Foto: Daniel Fjørtoft

mandag 15. august 2016

Rasestandard for gamalnorsk sau

Norsk Villsaulag har gleda av å presantere rasestandarden for gamalnorsk sau!


På årsmøtet i Norsk Villsaulag for 2016, vart den første rasestandarden for gamalnorsk sau godkjent. For gamalnorsk sau, har vi tidlegare berre hatt ein rasebeskrivelse. Denne har vore mindre formell i forma og var heller ikkje utforma etter standarden som er brukt for andre norske sauerasar. Den nye rasestandarden har teke utgangspunkt i den gamle rasebeskrivelsen, og styret har gått igjennom alle innkomne forslag frå ei omfattande høyringsrunde.

Kva er so ein rasestandard spør du? Og kva skal du med den? Jau, ein rasestandard skildrar dei eigenskapar og trekk ein husdyrrase skal eller bør ha. Den seier og noko om historia til rasen, og kva som skil den frå andre rasar. For rasen gamalnorsk sau, med eit stort mangfald, vert det sjølvsagt utfordrande å utarbeide ein standard, som kanskje er mest tilpassa meir einsretta husdyrrasar. Men sjølv om arbeidet kan vere vanskeleg, er det ikkje mindre viktig. Eitt av hovudmåla var å få med mangfaldet, utan å vatne ut dei eigenskapane ein kjenner frå rasen. Dette meiner vi i styret at vi har fått til på ein god måte, og håper rasestandarden vil kome til hjelp for både dagens og komande villsauebønder. Rasestandarden er utarbeidd etter Norsk Sau og Geit (NSG) sin mal, og skal no vidare til NSG for endeleg, formell godkjenning.

Når ein hentar vêrar til flokken kan rasestandarden vere til god hjelp. Foto: Daniel Fjørtoft

Styret skal no i gang med å illustrere dei ulike trekka under "raseskildring" i standarden. Vi ønskjer gode og illustrerande bilete frå medlemmar og villsaufolk. Du kan sende bilete til daniel@tussa.com, merk e-posten "Rasestandard". NB: ved å sende inn bilete gjev du Norsk Villsaulag rett til å bruke desse på nett og i rasestandarden. NVL vil kreditere fotograf så langt dette let seg gjere. Bileta bør vere av god kvalitet, men helst ikkje alt for store.


Klikk her for å opne rasestandarden i PDF-format.

Klikk her for å lese meir om rasestandard på NSG sine sider. 


Kva synes du om den nye rasestandarden? Legg gjerne igjen ein kommentar under, eller på Facebook-sida vår.

NB: Det er verdt å merke at ingen sauebønder er pålagde til å følje ein rasestandard. Ein kan gjere sine eigne val og vurderingar, så lenge dette ikkje går på akkord med dyrevelferda. Det er likevel verdt å merke at om ein rase som gamalnorsk sau skal sikrast for framtida, krev dette ein aktiv innsats for dei som driv med rasen. Dette gjeld både i avlsarbeidet, og ærlegheit om atypiske eigenskapar når ein sel livdyr.




For Norsk Villsaulag,
Daniel Fjørtoft, sakshandsamar


søndag 14. august 2016

Årsmøte i Norsk Villsaulag 2016

Laurdag 4.6.16 vart det arrangert årsmøte i Norsk Villsaulag på Karmøy.
Syning av flotte avlsvêrar frå Haugalandet - Foto: Daniel Fjørtoft

Som tidlegare omtalt, starta helga med ein flott fagdag, der kystlyngheia og utmarka stod på timeplanen. Klikk her for å lese saka.

På årsmøtet stod det fleire spennandes saker på lista, mellom anna saka om å gjere villsautidsskriftet "Villsauen" til medlemsblad for alle medlemmar. I dag er det berre Sunnmøre og Haugaland Villsaulag som held dette.

Kasserar Jon Egil Frette takka av, og vart erstatta av Ove Stumo.

Heile referatet frå årsmøtet kan du lese ved å klikke her.

Det vart også tid til fagstoff, mellom anna innlegg frå Samson Øpstad i Nibio, og med syning av vêrar, der dei frammøtte fekk diskutere ulike trekk og eigenskapar til vêrane.

Ein kjekk og lærerik dag for alle frammøtte, avslutta med middag, tur til villsaubesetninga på Vesterøyna og tur på kaia i Haugesund i strålande kveldssol.

Jon Egil Frette fortel om lyngbrenning på øya - Foto: Daniel Fjørtoft

På vegne av styret i NVL vil eg takke Haugaland Villsaulag for eit flott arrangement!


Daniel Fjørtoft,
styremedlem

søndag 7. august 2016

Salone del Gusto 2016

Aud Slettehaug og Hilde Buer treng deltakarar til årets mest spennandes reise!

Vil du vere med oss til Torino i år? Vi har bestilt stand i Presidumgata for Villsau frå Norge. Du må sjølv dekke flybillett og ei lita deltakaravgift. I tillegg treng vi noko meir produkt å ha med nedover, det er litt krav til produsksjonsmetode - må ha med helsedkarasjon frå norske myndigheter, bahandla på eftagodkjende anlegg. Men no er vi først og fremst på ute etter ca 10 deltakarar som ynskjer å arbeide på standen frå 22-26 september. Vi vil gjerne ha med ungdom som ynskjer å drive med villsau i framtida - difor unge villsaubønder høgt prioriterte og at du er produsent er eit krav for dette tilbodet. Meir info frå arrangøren finn du ved å klikke her.

Bilete frå Terra Madre sine sider
Festivalen har eit rikhaldig fagprogram, smakeverkstadar, og vi legg opp til nokre gardsbesøk i området. Organisering er via Ressurssenteret ved SJH.no.

Meir om villsaupresidiumet finn du ved å klikke her.

  
For meir informasjon - epost til aud.slettehaug@sfj.no eller Hilde Buer hilbuer@icloud.com

tirsdag 28. juni 2016

Villsaudrift og tilgang til vatn - påminning om klippe-/røytekravet

Vi har bak oss ein periode med lite nedbør over store deler av landet, særlig så langs kysten av Vestlandet til Midt-Norge. På same måte som for barfrostperiodar om vinteren har dette ført til utfordringar og for nokre villsaubønder problem i form av minkande tilgang til vatn og i verste fall ikkje tilgang på vatn i beiteområdet.

Tørkeskade i marka, då er det ofte fare på fære - Foto: Daniel Fjørtoft
Det skjerpar krava til oss alle til å ha kontinuerleg oversikt over situasjonen og at dyra våre har nok tilgang til beite og fôr, og ikkje minst vatn. Dette skulle vere sjølvsagt for alle og følgjer av våre eigne vedtekter, men uansett forpliktande etter dyrevelferdslova og nærare omtale og presisert i «Forskrift om velferd for småfé» og der spesielt under § 20 om fôr og vatn, første og fjerde avsnitt: «Fôring av og beitegrunnlaget for småfé skal være tilstrekkelig og slik sammensatt at det dekker dyras behov for fôr og vann av god kvalitet, og de skal ha kontinuerlig tilgang til vann.» og «Fôr og vann skal lagres og plasseres slik at kvaliteten ikke forringes.»
 
Eg må derfor tilstå at eg i går vart noko forskrekka over ein telefon og spørsmål til Norsk villsaulag om kor vidt villsau (= gamalnorsk sau) treng tilgang til vatn når dei er ute på beite. Den aktuelle situasjonen var at ein bekk i eit innegjerda beiteområde hadde tørka inn, slik at villsauflokken som beita der, knapt hadde tilgang til vatn. I diskusjonen som hadde utvikla seg lokalt, var det fleire som hevda at villsauene ikkje hadde behov for tilgang til vatn når dei gjekk på grasbeite og at dei fekk den væske dei trengde gjennom graset. Dette skulle vere folk som sjølve hadde erfaring med villsaudrift.

Lat det vere tindrande klart: Dyra våre treng tilgang på vatn, og tørkeperiodar kan bli kritiske både for vasstilgang og for redusert tilvekst av beitegrunnlag. Ei oppfatning av at villsaudrift er lik frikopling frå ansvar for dyra og deira velferd, dokumenterer ein fundamental mangel på føresetnad for å kunne ha villsau i det heile. Innafor vår organisasjon er det eksklusjonsgrunnlag frå medlemskap. For husdyrhald i seg sjølv gir det grunnlag for straffereaksjonar med medhald i dyrevelferdslova og forskrifta om dyrevelferd for småfé. Jamfør det som er sitert i første avsnittet.

"Vatning" av villsau vinterstid - Foto: Daniel Fjørtoft
"Vatning" av villsau vinterstid - Foto: Daniel Fjørtoft
Det er likevel grunn til å understreke at når dyra har fritt val til beite og tilgang til store areal, har dei ei vanvittig fin nase til å finne både mat og vatn, men føresetnaden er at det finst innafor det arealet dyra har tilgang til. Det er alle dyreeigarar forplikta til å vite og ha oversikt over. For innegjerda område vil denne valgfridomen raskt verte innskrenka, meir til meir avgrensa arealet er, og då skal skal vi alltid vere på forskot med situasjon og utvikling. Lat oss derfor sleppe å få fleire telefonar av den typen som kom i går. Villsaudrift er ein tradisjonell og ypperleg måte å hauste av naturgjeven (og kultivert) produksjon, men dyra våre er ikkje i stand til å leve av ingen ting, og med det utgangspunkt som spørsmålet hadde, skal dyra ikkje eingong kunne leve av «luft og kjærleik» etter som kjærleiken til dyra syns å mangle. Då blir det i alle fall ingen ting å leve av.

Eit tilleggsspørsmål i same samtalen: Kva med klipping av dyra? I den aktuelle flokken gjekk fleire dyr med «fotsid kappe». Her er svaret frå Norsk villsaulag like kategorisk: Alle har plikt til å sjå til at dei vaksne dyra er fri ullfellen  frå og med midtsommars. For dei som har sjølvrøytande dyr (feller sjølv), er ansvaret å sjå til at dyra verkeleg er kvitt alt. For dei som ikkje har sjølvrøytande dyr, eller der røytinga berre er delvis og der gammal ull tovar seg inn i ny ull, er kravet at dyra skal klippast. For dei som har dispensasjon for utedrift etter § 18 i velferdsforskrifta for småfé, er kravet at dyra skal ha beskyttande ullfell til vern om vinteren. Skal dette kravet oppfyllast, må klipping vere fullført seinast 1. juli. Samtidig krev god dyrevelferd at dyra også får kvitte seg med ullfellen før sommarvarmen set inn. Klipping/napping/røyting skal altså tilfredstille to viktige omsyn for dyra: Unngå overoppvarming i sommarhalvåret og sikre fullvaksen ullfell for varme i den kalde årstida. Konklusjon: Det er eit ufråvikeleg krav at all gammalfell skal vere borte frå midtsommars av.

Alv Ottar Folkestad, leiar Norsk villsaulag - NVL