Innkalling til årsmøte i Norsk Villsaulag 2023

Årsmøte i Norsk Villsaulag vert avhalde siste helga i mai, nærare bestemt 24.-26. mai. 

Denne gongen er det Sunnmøre Villsaulag som er vertskap for årsmøtet og denne gongen vert arrangementet halde yst på Nordre Sunnmøre, faktisk so langt nord at enkelte vil hevde at vi har rota oss inn i Romsdalen.

Samlinga er lagt til Finnøy Bryggehotell, eit relativt lite, men flott hotell med ei fantastisk plassering. På fleire av øyane rundt hotellet går det villsau, og på laurdagen er det lagt opp til tur til Uksnøya, der familien Fjørtoft har drive med villsau i over 30 år.



Program:

24. mai - Fredag

20:00 Villsaupraten Live – paneldebatt om spennande villsautema. Daniel Fjørtoft har fått                                  med seg fleire røynde villsaufolk til å debattere dei store spørsmåla i livet, mellom                                  anna rovfugl, mangfald og rekruttering.

25. mai – Laurdag

08:00 -10:00 Frukost på Finnøy Bryggehotell

10:00 – 12:00         Årsmøte i Norsk Villsaulag

12:30 – 13:30         Lunsj på Finnøy Bryggehotell

14:00 Avreise med båt Morsundet  -> Uksnøya

14:30 – 16:00         Velkomen til Uksnøya, historie, omvising på gardsmuseum mm

16:00 -  19:30         Fagdel i lyngheia på Uksnøya - Bonitet, artsmangfald, beitetrykksvurdering, når                                     brenne på nytt? (Liv Guri Velle) NB: ta med støvlar og eigna klede!

19:30 Heimreise til Morsundet

21:00 Festmiddag på Finnøy Bryggehotell


26. mai – Søndag

08:00 -10:00 Frukost på Finnøy Bryggehotell

10:00 Villsautur i nærområdet


Tilkomst:

Bil frå sør via Ålesund, via den nye Nordøyvegen som tek deg ferjefritt ut til Finnøya.

Bil frå nord via Molde, ferje til Aukra og ny ferje til Finnøya evt ferje til Vestnes, og vidare via Nordøyvegen til Finnøya.

Fly til Ørsta, Vigra eller Molde Flyplass (ta kontakt for å avklare moglegheita for skyss frå flyplass før bestilling!)


Uksnøya:

Uksnøya har familien Fjørtoft drive med villsau i over 30 år. Det heile starta med at lokale myndigheiter, grunneigarar og bondelag starta opp eit prosjekt for å hindre attgroing og redusere skade på innmark på naboøyane frå grågås. Også i tidlegare tider gjekk det gammalnorsk sau her ute, som var eit viktig tilskot til fiskeri og mjølkeproduksjon. På garden står det eldste huset på Mørekysten som står på sin opprinnelege plass, ei gammal røykstove frå 1500-talet. I dag går det ca 250 sauar på øyane sommarstid. Arbeidet med å brenne lynghei starta opp igjen i 2006, og ein kan no sjå lyngheia i ulike fasar alt etter kor lenge det er sidan det er brent. Dyra beitar opp i mot 50 ulike øyer og holmar som berre heng i hop på fjøre sjø. Det er sterkt anbefalt å ha med støvlar til rundturen.


Fagsamling i lyngheia med Liv Guri Velle:

Liv Guri er ikkje berre ein av Noregs leiande ekspertar på kystlynghei, men er også ein svært engasjert formidlar! Ho får med seg Egil Kvalsund når vi skal ut i felten for å diskutere brennesyklusar, artsmangfald og beitetrykk. Her legg vi opp til ei praktisk tilnærming til temaet, der deltakarane vert teke med i både observasjon og diskusjon.

Lyngheispesialist Liv Guri Velle


Prisar og påmelding

Norsk Villsaulag spanderer lunsj på alle medlemmar som møter på det formelle årsmøtet.

Overnatting enkeltrom 1490.- pr natt

Overnatting dobbeltrom 1890.- pr rom pr natt

Festmiddag laurdag, 3 retter 725.- pr pers

Det er også mogleg å kjøpe middag fredag kveld .

NVL har halde av ein del rom på hotellet og frist for å besille desse er 26/3. Etter dette må rom bestillast direkte med hotellet. Det kan vere utfordrande med alternative overnattingsstadar i nærleiken og vi oppmodar alle om å vere rask med å melde seg på!

Mat kan tingast fram til 14 dagar på førehand .

Etter sterke oppmodingar frå ein mann frå Rogaland - som ønskjer å vere anonym – er det det denne gongen tinga villsaukjøt som hovudrett til festmiddagen.

Vi håpar mange tek turen og at lokallaga velje delegatar som kan representere dei på årsmøtet.


Klikk her for å melde deg på!

For innmelding av saker til årsmøtet, send epost til post@villsau.no

For spørsmål rundt arrangementet eller behov for transport, kontakt Bjørg på epost bjorg.s@tussa.com eller tlf. 90746422

Kommentarer

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

    SvarSlett
  2. We truly value content like this! Keep up the excellent work! Best Rabbit Castle

    SvarSlett
  3. Thank you for sharing the details about the upcoming annual meeting. It’s great to see the continued commitment to community engagement and collaboration. Looking forward to the discussions and updates that will come from the meeting! https://www.drywallservicesvictoria.com/

    SvarSlett

Legg inn en kommentar