Livdyrprisnemnda i NVL har fatta vedtak om å halde rettleiande prisar uendra for 2024.
For ordens skuld legg vi ut gjeldande prisar på nytt:
Søyelam og ungsau (opp til 1,5 år) 2000,- (årslam bør vere min 25 kg)
Voksa søye 800-2300 kr (søyene er mest verdt når dei er mellom 2,5-5,5 år)
Vêrlam 3000,- (årslam bør vere min 30 kg)
Risbit og 2,5 år gammal vêr 3300,-
Alderstrekk vêrar pr år frå og med fylte 3,5 år -500,-
Tillegg for seminavkom 500,-
Tillegg for kåra/dommarvurderte hanndyr 200,-
NB: Alle prisar er eks MVA.
Vi understreker at dette er rettleiande prisar. Mindre lam bør kanskje koste noko mindre, og ekstra store og flotte noko meir. Det fins mange som ser etter rimlege dyr før dei kikar etter kvalitet. Vår anbefaling er å ha i bakhovudet at hanndyr utgjer halve av det genetiske resultatet til neste år, og at søyene du kjøper når du startar opp legg grunnlaget for flokken i mange år framover. Pengane du eventuelt måtte spare på å kjøpe dei rimelegaste du finn, vert fort kostbart.
For å sikre genetisk mangfald, er det ikkje ønskeleg at vêrane vert for gamle og får svært mange avkom etter seg. Ideelt sett bør vêrar kun brukast i to år, før dei vert slakta. Dette er det nok få som forheld seg til, men Norsk Villsaulag oppmodar om å vise måtehald i bruk av enkeltindivid slik at vi får auka det genetiske mangfaldet.
Tillegg for seminavkom er sett til 500 kr. Dette er ikkje fordi seminavkom nødvendigvis er betre enn andre dyr, men er meint som ein kompensasjon til dei som tek arbeidet og kostnadane med semin. Mange som driv med gamalnorsk sau har ikkje mogleheit til å insiminere sjølve, men er interessert i å kjøpe seminavkom for å auke det genetiske mangfaldet i eigen buskap. Semin er ein viktig reidskap for å sikre at vi får "bytta blod" mellom ulike landsdelar.
Når det gjeld pris på søyer, so må denne variere mykje alt etter om dyret er ungt og har mange produksjonsår framfor seg, eller gammal og snart må slaktas.
Ver merksam på at risbiter til salgs kan vere overvintra blålam (ikkje slaktemodne) fra i fjor. Slike bør ein ikkje selgje eller kjøpe. Sikraste risbitkjøp er ein som vart kåra som lam, eller frå ein du kjenner som ikkje lurer deg på eit dårlig lam frå i fjor.
Prisane må også variere noko alt etter når på året salet foregår. Dersom seljar har para og fôra søya fram mot nyttår, er den sjølvsagt meir verdt enn ei som vert selt tidleg på hausten.
Norsk Villsaulag vil samstundes oppmode alle om å nytte rasestandarden for gamalnorsk sau som rettleiing når dei skal kjøpe og selje livdyr. Klikk her for å opne den!
For Norsk Villsaulag,
Asbjørn Høiland
Daniel Fjørtoft
Kim Buarø
Kommentarer
Legg inn en kommentar