Stønad til aktivitet for direktemedlemmar


Behov midlar til kursing eller anna villsaurelatert aktivitet - no er det hjelp å få!

For dei som bur langt unna eit lokallag og kanskje ikkje har nok villsaufolk i eigen region til å starte opp eit lokallag, kan direktemedlemsskap i Norsk Villsaulag vere eit godt alternativ. Talet på desse er aukane, noko vi i NVL sjølvsagt er svært glade for. Desse medlemmane vil få medlemsblad og moglegheita til å søkje støtte i ulike villsaurelaterte spørsmål, i tillegg til møte og stemmerett på årsmøter. Dei er sjølvsagt også velkomne på våre lokallag sine arrangement, anten det er kåringar eller kurs. Men kanskje finns det nokon der ute som ønskjer å drage i gong aktivitet på eigen hand, utan å organisere seg ei eit eige lokallag? Då er ordninga for stønad til villsaurelatert aktivitet for direktemedlemmar perfekt!

Årsmøtet i NVL 2023 vedtok å sette av 10000 kr i budsjettet til dette formålet. Om du vil for eksempel arrangere eit villsaukurs, vurdering av dyr, fagkveld, delta på årsmøte osv, kan du søkje om stønad til dette. Ordninga er enkel: send ein søknad til NVL (post@villsau.no) der du skriv kva du ønskjer å gjennomføre, kva det vil koste og kor mange av NVL sine direktemedlemmar du har med deg på aktiviteten. Stønaden er no avgrensa til 500 kr pr medlem pr år, men dette skal evaluerast. Om ein samlar 10 medlemmar, kan ein altså få innvilga 5000 kr til for eksempel å leige eit lokale, dekkje reise eller kurshaldar. Styret vil handsame søknaden og eventuelt halde av midlar om det vert godkjent. I etterkant av arrangementet sender søkjaren inn dokumenterte utgifter og liste over namngitte medlemmar som deltok. Avtalt beløp vert so utbetalt til arrangøren.

Vi i NVL håper dette vil gjere det enklare å få i gong aktivitet rundt om i landet, også der det ikkje er grunnlag for å etablere eigne lokallag. Om ordninga vert positivt motteke vil styre vurdere å be årsmøtet om utvida midlar til formålet.

Kommentarer