Presentasjon av seminvêrane for 2022

Seminkatalogen for 2022 er ute, men sidan presentasjonen i katalogen er relativt kort, vil vi vise litt meir av dyra som er tekne inn for å gje deg som vurdere å bruke dei litt meir informasjon.

Først litt om semin

Norsk Villsaulag og Norsk Sau og Geit legg inn betydelege ressursar for å sikre inntak av gode seminvêrar. Det er ikkje alle som har moglegheit til å bruke semin, men også ved å kjøpe avkom etter semin er ein både med å auke interessa for semin. Semin er først og fremst er verkty for å sikre «nytt blod» på kryss og tvers av landet, noko som er ekstra viktig i ei tid der regiongrenser gjer det umogleg å hente hanndyr på kryss og tvers. Ingen vêrar «har alt», og du som skal velje bør ta med kva eigenskapar du er ute etter når du vurderer kva vêrar du skal bruke.


Presentasjon av Bærling


Bærling frå lam til vaksen vêr

Denne villsauvêren kjem frå Trøndelag, nøyare bestemt frå Buarø Villsau på øya Skjærvøya på Fosen. Bærling er fødd tvilling. Han vart plukka ut som livlam for sin korte og kjøtsette kropp og sitt flotte rasetypiske preg. Vêren har store flotte horn med god avstand til hovudet. Han har tjukk manke og ragg og røyter ulla sjølv. Beina er rette, smekre og ullfrie. Bærling er ein roleg kar med godt lynne.

Vêren er brukt 2 år i eigen flokk, og har for det meste gått i utegang utan tilleggsfôring. Bærling har gitt mange rasetypiske lam som klassar godt. Avkom har typisk gode horn (både han- og hodyr).

Mor er svart med store horn, lange bein og god kropp, og er ein god morsau. Far er grå med kraftig svart ragg, er kort og kompakt med store fine horn.

Gode grunnar til å velje Bærling: eit generelt godt rasetypisk dyr med gode bein og horn, godt kjøtsett

Bærling

Mor til Bærling

Far til Bærling


Presentasjon av Uksnøy-Knut


Uksnøy-Knut som lammevêr

Denne vêren kjem frå Uksnøya, og har med seg genar frå ei ekstensiv drift der dyra er vande med å finne maten sin sjølve.

Som lam vart den vurdert til å vere av dei beste av lamma stilt ut på Sunnmøre Villsaulag si kåring i 2021, med 46 av 50 mogleg poeng. Som risbit framstår den som ein jamt over middels god vêr, med særs gode bein. Sjølv om han kanskje ikkje skil seg like mykje ut som risbit som han gjorde som lam, er det at dyra er godt utvikla som lam viktig for å oppnå økonomi i kjøt og skinn. I fjor haust vart den brukt i ein flokk med årslam, og oppfatninga er at den avlar godt

Den har svart grunnfarge, og mørk brunsvart ull, med fin glans i manke og ragg. Han røyter ulla sjølv. Horna er gode, men er ikkje heilt symmetriske. Sjølv om ikkje det framstår slik på det offisielle semin-bilete (der han strekkjer seg), er dette ein rimeleg høg vêr, med 64 cm krysshøgde som risbit. Spælen er tørr og har god form, men ikkje av dei kortaste. Ragget er etter vår vurdering fyldig og strekkjer seg godt bakover mot bogen, men den kunne hatt noko fyldigare manke. Manken deler seg, men det er ikkje unormalt. Ulla bakover ryggen er tett og god.

Gode grunnar til å velje Uksnøy-Knut: genar frå ekstensiv drift, gode bein, svært flott første haust, rimeleg skjeldan farge

Sommaren 22 - risbit

Frå villsaumønstringa på Sunnmøre 2021

Sommaren 22 - risbit

Sommaren 22 - risbit

Kommentarer

  1. I have never seen this Wild Sheep in person. Hope to see this in soon. Cary NC Concrete Company

    SvarSlett

Legg inn en kommentar