Referat frå årsmøtet i Norsk Villsaulag på Flesland 2023

Årets årsmøte er unnagjort og dei frammøtte kan sjå tilbake på ein svært triveleg tur. Eit fyldig reisebrev kjem i neste utgåve av medlemsbladet Villsauen, men vi legg likevel ut litt tekst og bilete her, i tillegg til referat frå det formelle årsmøtet.

Vandring i villsaubeita

Kvart år er det eit av lokallaga til Norsk Villsaulag som har ansvaret for å arrangere årsmøtet, og denne gongen var det Villsaulaget Vest som hadde fått stafettpinnen. I lag med Hilde Haraldseid frå styret, hadde dei sydd i hop eit program for helga. Årsmøtet vart arrangert på eit hotell nær Flesland. Allereie fredag var dei fleste av dei tilreisande samla til felles middag med mykje godt prat og mange gode diskusjonar. Dei som har vore på årsmøte før, veit at den sosiale biten er minst like viktig, både for dei som stiller, men også for laget som heilheit.

Tormod Magnesen peikar og fortel om drifta si

Laurdag morgon gjekk turen til garden Hatten, på øya Hopøy, på nord-enden av Øygarden, ikkje langt unna Sture-terminalen og åstaden for Helge Ingstad-forliset. Der tok familien Magnesen imot oss, og ville ta oss med på omvising på garden og lyngheivandring.



Kommentarer

  1. Thank you for sharing the detailed minutes from the annual meeting about this. It's great to see the ongoing efforts and discussions regarding the preservation and sustainable management of the wild sheep breed. The commitment to preserving heritage and the initiatives outlined are truly inspiring. Looking forward to more updates and continued success in the coming year! Sewer Drain Inspections

    SvarSlett

Legg inn en kommentar