Brev til medlemmane i Norsk Villsaulag

Hei, høgt vyrde lokallag og medlemer i Norsk Villsaulag.

I høve drifta av Norsk Villsaulag så ser me i styret at kontakta med lokallag og medlemer kan og bør bli betre enn det den har vore siste tida, noko som også var på agendaen på førre årsmøte. Utgangspunktet for arbeidet til lagsstyret er “Strategiplan for perioden 2023-2026” og “Aktivitetsplan for styret 2023/2024”. 


Etter styremøte 10022024 ser me at me er godt i gang med dei fleste punkt, men på nokre område treng me tilbakemeldingar på kva det er “behov” for i dei ulike delane av "villsaunorge". Det me siktar til her er punkta om utarbeiding av kurs og kursmateriell -  Strategiplan: 

2d         “kursmateriell - rasjonelt og lønsamt villsauhald med god dyrevelferd”

5a tiltak 2 “kurs i avlsarbeid for gamalnorsk sau”

5a tiltak 3 “kurs i dømming av gamalnorsk sau i dialog med NSG”

6c         “Auke eigne medlemmar sin kompetanse knytt til lyngbrenning og skjøtsel av   kystlynghei”


Tema som også er omtalt i aktivitetsplanen.

Når det gjeld kurs i vurdering/dømming av gamalnorsk sau er det eit arbeid i gang i Møre og Romsdal. Etter planen vert det arrangert eit kurs i villsaudømming der til komande haust, og me tenkjer det er føremålsteneleg å hauste erfaringar med denne, før me utarbeider eit “fast” landsdekkjande opplegg. Når det gjeld kurset i mørefylket så treng ein ikkje vere med i det lokale villsaulaget for å ta del, så det er fritt fram å ta seg ein tur. Opplysningar om tid og stad for kurset til hausten blir publisert seinare. 

Når det gjeld kurs i lyngbrenning så har me eit mål om å legge ut ymse materiell om det på villsau.no. Det har vore arrangert kurs om emnet i ulike lokallag dei siste åra, men ikkje i NVL regi. Sei ifrå om det er interesse for noko meir her.

Det me i styret er interessert i er om det er interesse for andre kurs som me kan hjelpe til med å arrangere. Gi tilbakemelding på dette. 

I samband med kurs og aktivitetar så vil me opplyse om at det vart sett av 10 000 kr til direktemedlemmer for “relevant aktivitet” på førre årsmøte som det er mogeleg å søkje om støtte til. Det er ingen innkomne søknadar til no. Her er det berre å hive seg rundt for dei som har gode idear.

Når det gjeld aktivitetar som er positive både fagleg og sosialt så vil me opplyse om det komande årsmøte 24.-26.mai på Sunnmøre. Me veit at mange lokallag dekkjer delar av utgiftene til delegatar på årsmøtet, men også andre kan og bør melde seg på her. For mange kan reisevegen vere lang og kostnadene høge, og me har derfor vedteke at NVL sentralt kan vere med på å gi støtte til delegatar frå lokallag med trang økonomi og høge utgifter om ein treng ein fagleg og sosial boost for å få fart på sakene lokalt. Det er berre å sende inn ein søknad om dette så vil me føreta ei slik vurdering. 

Eit anna spørsmål som me er interessert i å få innspel på er korleis me i NVL bør handtere inaktive lokallag. Dersom det er mogeleg så kan ei løysing vere å slå saman lokallag, eller utvide aktive og betre fungerande lokallag i nærleiken. Dette er sjølvsagt noko ein må vurdere og avgjere lokalt, men etter vårt syn er aktivitet det viktige, og om ei samanslåing/utviding medfører ei utviding i talet på eldsjeler i eit og same lag, og dermed meir aktivitet, så bør ein vurdere om ein i slike høve ikkje skal svelgje nokre kamelar, orsak villsauer, for å få dette til. 

Spørsmålet om kva ein gjer med inaktive lokallag, økonomien og medlemane i desse er truleg ei sak som kjem opp på det komande årsmøtet, for NVL bør få på plass ein handlingsmal for slike saker. Tenk over saka lokalt og møt budde med gode argument i mai. 


Styret i NVL 10022024


Kommentarer