Nytt medlemssystem i Norsk Villsaulag

Endeleg er dagen komen: Norsk Villsaulag har fått på plass nytt medlemsssystem!

Etter ei tid med eit lite hensiktsmessig og utdatert medlemssystem, har vi endeleg fått på plass eit nytt system som vi trur skal betre kontrollen og kommunikasjonen med medlemmane. Det er i første omgong NVL sentral som tek i bruk det nye systemet, men fleire av lokallaga brukar allereie systemet, og har god erfaring med bruken. I neste fase kan det bli aktuelt å gjennomføre dette for alle lokallag. 

Om du er ein av dei som har meldt deg inn siste tida, men endå ikkje har fått tilbakemelding treng du ikkje fortvile. Etterregistreing er på gong, og du skal innan kort tid få informasjon frå oss.

Norsk Villsaulag organiserar villsaubønder over heile landet

Ein stor fordel er at ein no kan melde seg direkte inn frå nettsida vår. Dette gjer du ved å klikke på "Medlemsskap" her på sida, eller følgje denne koplinga.

Ein kan også logge inn for å korrigere kontaktinformasjon sjølv. Meir info om dette vert sendt ut innan kort tid.

For å markere dette, køyrer vi ei innmeldingkampanje, der alle som melder seg inn i februar, får tilsendt alle utgåver av medlemsbladet "Villsauen" som kom ut i 2020. Dette gjeld sjølvsagt og dei som har meldt seg inn siste månaden.

Ha ein fin kveld!

Kommentarer