Medlemskap


Medlemsvilkår og korleis ein kan bli medlem.


Informasjon til dei som er interesserte i medlemskap. Les også meir om Norsk Villsaulag og vårt virke her.


Medlemsføremonar:


Føremonane med medlemskap i Norsk Villsaulag (NVL) er nokså nokså likt det som gjeld generelt for organisasjonsmedlemskap:

- Eit felles interesseforum rundt villsau og villsaudrift 

- Kunnskaps- og erfaringsutveksling mellom villsaubønder 
- Kunnskapsbase for praktiske, faglege og formelle tema 
- Kommunikasjonskanal over for ulik styresmakter, særleg med tanke på formalkrav 
- Kunnskaps- og kommunikasjonskanal når det gjelder omsetjing av villsau (slakt, produkt, livdyr) 
- Sosialt kontaktnett og sosiale aktivitetar (møter, villsaudagar, seminar, kurs) 

Medlemskontingent for direktemedlemer er kr 300,- pr år. For dei som er medlem gjennom eit lokallag, betaler lokallaget kr 100 i årskontingent pr. medlem. 

Ynskjer du medlemskap så ta kontakt med Norsk Villsaulag på e-post, innmelding@villsau.no