Hald av datoen - årsmøte i Norsk Villsaulag 1.-3. juni

Helga 1.-3. juni blir det årsmøte i Norsk Villsaulag. Denne gongen tek vi turen til Austevoll. Det var som kjent her rasa overlevde når ho nærmast var utrydda, og mange av dei mest erfarne villsaufolka i Noreg finn ein nettopp i Austevoll.

Leiar Bård Nordstrand og resten av laget i Austevoll arbeider framleis med programmet, men ein av tinga som kjem til å bli diskutert er korleis ein kan halde rasa rein, då med endringane i tilskotsregimet som bakteppe. 

Som alltid vert det lagt opp til ei triveleg ramme med mykje god mat, sosiale aktivitetar og omvising i nærmiljøet og aktuelle villsaulokalitetar.

Årsmøtet vert helde på Stangeland Gjestegard på Stolmen.

Stangeland Gjestegard sitt bilete.
Foto: Stangeland Gjestegard



Saker til årsmøtet skal meldast seinast 5 veker før årsmøtet. Desse kan sendast til post@villsau.no .

Enkeltmedlemar kan fremje saker gjennom styret i NVL.

Årsmøtet er samansett av styret og utsendingar frå lokallaga. Kvart lokallag har 2 utsendingar til årsmøtet. I tillegg kan lokallaga delta med 1 utsending for kvar 50. betalande medlem. Andre medlemar kan møte med uttalerett, jamfør § 7 i NVL sine vedtekter.

Vi oppmoder alle villsauintresserte som har moglegheit til å ta turen.

For styret i Norsk Villsaulag
Daniel Fjørtoft
Nestleiar

Kommentarer