Hald av datoen - årsmøte i Norsk Villsaulag 10.-11. juni

Helga 10.-11. juni er det årsmøte i Norsk Villsaulag. Denne gongen er det Sunnmøre Villsaulag som er vertsskap, og turen går til Forsnavåg, ytst på søre Sunnmøre. Her finn ein ikkje berre vakker natur, men også eit høgst levande villsaumiljø, som håper å få besøk av mange kjekke kollegaer frå heile landet.



Alv Ottar Folkestad og Egil Kvalsund håper du tek turen!
Leiar Egil Kvalsund og resten av styret i Sunnmøre Villsaulag arbeider framleis med programmet,  men vi kan røpe at temaet for fagdelen etter det formelle årsmøtet vert sauehelse, med fokus på sjukdomsførebygging og behandling. Fleire av Noregs leiande ekspertar innan området kjem for å dele kunnskapen sin med oss, og vi trur at dette vert til nytte for både erfarne og nye villsaubønder.
På kvelden vert det villsaukveld, men god mat, sosialisering og kanskje ei og anna røvarhistorie.

Det vert også aktivitetar søndags formiddag.

Årsmøtet vert helde på Thon Hotel Fosnavåg, der det også vert lagt opp til overnatting for dei som ønskjer det.

Når du skal reise til Fosnavåg har du fleire alternativ å velje mellom. Du kan ta fly til Ørsta/Volda Hovden, evt Ålesund Vigra. Hurtigruta til Torvik er vert ein kik, og so er det sjølvsagt råd  å kome landevegen.

Saker til årsmøtet skal meldast seinast 5 veker før årsmøtet. Desse kan sendast til post@villsau.no .

Enkeltmedlemar kan fremje saker gjennom styret i NVL.

Årsmøtet er samansett av styret og utsendingar frå lokallaga. Kvart lokallag har 2 utsendingar til årsmøtet. I tillegg kan lokallaga delta med 1 utsending for kvar 50. betalande medlem. Andre medlemar kan møte med uttalerett, jamfør § 7 i NVL sine vedtekter.

Vi oppmoder alle villsauintresserte som har moglegheit til å ta turen.


For styret i Norsk Villsaulag
Daniel Fjørtoft

Nestleiar



Her får syning av vêrar på årsmøtet i Haugesund i 2016.


Kommentarer