Sunnmøre Villsaulag har gleda av å invitere til vurdering og kåring av villsauvêrar på Kvalsund
Vi møtast på Kvalsund Gartneri for fagprat og vurdering av værlam/risbitar. Ta med aktuelle dyr og fyll ut buskaps- og individopplysingar i vurderingsskjemaet så langt som du kjenner til.
![]() |
Frå villsaukåringa i 2019 |
Også i år vert det kåring av andre smårasar i NSG-regi. Dei av GNS-buskapane som er med i sauekontrollen og samstundes er medlem i NSG, kan melde inn dyra til kåring gjennom sauekontrollen og få det offisielle lilla kåringsmerket.
Det vert ei kåringsavgift pr. godkjent dyr. 100,- for dei med offisielt kåringsmerke (lillamerke)
og 50,- for dei andre.
og 50,- for dei andre.
Vi tek oss tid til ein kaffikopp og «drøs».
Vi vonar at flest mogeleg tek med dei beste dyra sine, dette for å sikre stor variasjon/genetisk breidde i avlsmaterialet.
Påmelding til post@kvalsundgartneri.no eller ring 95844930.
Hugs eigenerklæringsskjema. Dette skal leverast når de kjem med dyra.
Velkomen til ein triveleg dag!
Sunnmøre Villsaulag
Kommentarer
Legg inn en kommentar