Rettleiande livdyrprisar 2021

Norsk Villsaulag har fastsett nye rettleiande prisar for gamalnorsk sau

Villsauvêren Nøtti - Foto: Daniel Fjørtoft


Søyelam og ungsau (opp til 1,5 år)                   1600,- (årslam bør vere min 25 kg)

Voksa søye                                                        500-2000 kr (søyene er mest verdt når dei er mellom 2,5-5,5 år)

Vêrlam                                                               2600,-  (årslam bør vere min 30 kg)

Risbit og 2,5 år gammal vêr                               3000,-


Alderstrekk vêrar pr år frå og med fylte 3,5 år                -500,-

Tillegg for seminavkom                                                    500,-

Tillegg for kåra/dommarvurderte hanndyr                        150,-

NB: Alle prisar er eks MVA.

Vi understreker at dette er rettleiande prisar. Mindre lam bør kanskje koste noko mindre, og ekstra store og flotte noko meir. Det fins mange som ser etter rimlege dyr før dei kikar etter kvalitet. Vår anbefaling er å ha i bakhovudet at hanndyr utgjer halve resultatet til neste år, og at søyene du kjøper når du startar opp legg grunnlaget for flokken i mange år framover. Pengane du eventuelt måtte spare på å kjøpe dei rimelegaste du finn, vert fort kostbart.

For å sikre genetisk mangfald, er det ikkje ønskeleg at vêrane vert for gamle og får svært mange avkom etter seg. Ideelt sett bør vêrar kun brukast i to år, før dei vert slakta. Dette er det nok få som forheld seg til, men Norsk Villsaulag oppmodar om å vise måtehald i bruk av enkeltindivid slik at vi får auka det genetiske mangfaldet. Nytt av året er at vi har lagt til eit alderstrekk på 500 kr frå og med fylte 3,5 år.

Tillegg for seminavkom er sett til 500 kr. Dette er ikkje fordi seminavkom nødvendigvis er betre enn andre dyr, men er meint som ein kompensasjon til dei som tek arbeidet og kostnadane med semin. Mange som driv med gamalnorsk sau har ikkje mogleheit til å insiminere sjølve, men er interessert i å kjøpe seminavkom for å auke det genetiske mangfaldet i eigen buskap.Semin er ein viktig reidskap for å sikre at vi får "bytta blod" mellom ulike landsdelar.

Når det gjeld pris på søyer, so må denne variere mykje alt etter om dyret er ungt og har mange produksjonsår framfor seg, eller gammal og snart må slaktas. 

Ver merksam på at risbiter til salgs kan vere overvintra blålam (ikkje slaktemodne) fra i fjor. Slike bør ein ikkje selgje eller kjøpe. Sikraste risbitkjøp er ein som vart kåra som lam, eller frå ein du kjenner som ikkje lurer deg på eit dårlig lam frå i fjor.

Prisane må også variere noko alt etter når på året salet foregår. Dersom seljar har para og fôra søya fram mot nyttår, er den sjølvsagt meir verdt enn ei som vert selt tidleg på hausten.


Norsk Villsaulag vil samstundes oppmode alle om å nytte rasestandarden for gamalnorsk sau som rettleiing når dei skal kjøpe og selje livdyr. Klikk her for å opne den!

For Norsk Villsaulag,
Asbjørn Høiland
Daniel Fjørtoft
Reidar Christiansen

Kommentarer

  1. Casino Hotel, NV - Mapyro
    Casino Hotel, NV · Hotel Details · Rooms. There 공주 출장안마 are 2,044 rooms and suites in the 당진 출장마사지 casino, approximately 1,400 square feet of 제천 출장샵 casino space · Casino 삼척 출장마사지 and Nightlife 포천 출장마사지

    SvarSlett

Legg inn en kommentar