Tips og triks for å oppnå O+ eller betre på fleire av dyra dine

Debatten om konsekvensane av å fjerne kvalitetstilskotet på lam med karakter O går for fullt. Skal kvalitet berre målast i kjøtfylde? Kva skjer med utmarksareala og kystlyngheia? Vert det no meir innkryssing som sett rasa i fare? I denne saka skal vi ikkje fokusere på desse spørsmåla, men sjå på kva du som driv med gamalnorsk sau kan gjere for å oppnå O+ eller betre på fleire av dyra dine.

Som dei fleste har fått med seg, er det ikkje lenger godt nok med O-klassifisering for å oppnå kvalitetstilskot på lammeslakt. For mange som driv med gamalnorsk sau, utgjer dette betydelege beløp, og mange vert freista til å både krysse inn andre raser og køyre på med intensiv sluttfôring med kraftfôr. Dette er ting vi meiner er uheldig for både rasa og utmarksbruk, og det er heller ikkje ein sikker måte å oppnå resultata ein ønskjer. Eg vil difor understreke at større og kraftigare dyr, klassar dårlegare på skrinne beiter. Om du er ein av dei som vurderer å krysse for å oppnå O+, tenk deg godt om. Har du eit beitegrunnlag som tilseier at dette vil gje positiv effekt? Fleire som har prøvd rapporterer at det er det motsette som skjer; klassifiseringa vert dårlegare, sjølv om slaktevektene kanskje går litt opp.

Bakgrunnen for at grensa for kvalitetstilskot vart heva frå O til O+, var at det var for mange lam som kvalifiserte til tilskotet, jamfør avgrensingar i WTO-avtalen. Alt som regulert av slike avtalar er som kjent tung materie, og det tek tid å finne gode løysingar. Paradokset i saka, er at om alle gjer som landbruksminister Jon Georg Dale ønskjer, å avlar oss ut av problemet, vil vi vere tilbake til å ha for mange dyr som kvalifiserer. Det logiske steget vidare då, om ein skal følgje same prosedyre som i år, vil vere å fjerne tilskotet på O+ lam. Det er sjølvsagt inga god løysing, og vil nok føre til meir tap enn det å fjerne tilskotet for O. Det må difor kome ei anna løysing på dette enn å stadig auke kravet. Dette er ting Norsk Villsaulag arbeider med, og vi kjem tilbake med meir informasjon om dette seinare. I mellomtida kan du lese våre tips til kva du kan gjere for å oppnå O+ (på i alle fall fleire av lamma dine).

1. Betre beita

Det viktigaste tiltaket, er å sikre at beita er i best mogleg hevd. Det er liten tvil om at mange kan heve verdien på beita sine. Pussing av innmarksbeiter og grasareal er folk stort sett flinke til, men det er lengre i mellom dei som brenn lyng. Lyngbrenning aukar næringsinnhaldet i plantane, og gjev rom for større variasjon. Dette gjev sauane meir variert fôr, og ikkje minst meir næringsrike nyskot. Det er kvaliteten på beita som avgjer kor mykje effekt du kan hente ut av dei andre tiltaka på lista.

Lyngbrenning er avgjerande for å få maks ut av beita - Foto: Åshild K. Fjørtoft

2. Bruke avlsvêrar med betre kjøtfylde

Der er ein samanheng mellom størrelse på dyret og kva klassifisering det er mogleg å oppnå, men det er ikkje so enkelt som mange hevdar. Eit større dyr krev meir mat av høgare kvalitet. For mange med relativt magre kystbeiter, vil det virke negativt på klassifiseringa å avle større dyr, om ein ikkje følgjer opp med kraftfôr eller grovfôrstilskot. Det som derimot har mykje å seie, er kor godt kjøtsett dyret er. Merk at kjøtsetnad og størrelse er ikkje ein og same ting. I mange besetningar kan ein gå opp ei heil klasse ved å vere meir bevisst på kva vêrar ein vel. Dette dyret vil sjølvsagt også krevje meir mat, men ikkje so mykje som eit større dyr, eller frå ei anna rase. Etter vårt syn er det mykje betre å velje ein vêr som gjev godt kjøtsette dyr enn å avle på størrelsen eller endå verre, krysse inn andre raser. For mange treng det ikkje å bety at ein vel mindre rasetypiske dyr av å velje vêrar som gjev betre klassifisering på lamma. Sjølv har vi både betra klassifiseringa og gjort flokken meir rasetypisk ved å kjøpe gode vêrar.

På illustrasjonen over ser ein utviklinga i klassifisering frå 2005 og fram til 2016 i eigen flokk.(Merk: ingen dyr vert overfôra til slakt året etter) Det er hovudsakleg aktivt beitestell og lyngbrenning, kombinert med meir kjøtsette avlsvêrar som har gitt resultat. I tillegg har vi styrt lammetidspunktet og vorte strengare med kva søyer som vert sleppt om hausten. Sidan dette er ein naturgitt produksjon (variasjon i beitekvalitet frå år til år og fordeling mellom søye- og vêrlam) i full utedrift (kun tillegsfôring i naudshøver) vil resultata svinge, men trenden er klar: det som tidlegare var normal-klassifisering, P+ og O-, er nesten heilt ute. I same periode har lammetalet auka og dyra blitt meir rasetypiske. Slaktevektene er derimot relativ stabile. Eg vil likevel understreke at utviklinga vår etter mitt syn ikkje kan fortsette vidare oppover i EUROP-systemet, og at dei nye reglane gjev betydelege økonomiske konsekvensar også for oss. Om vi skal fase ut O, og kanskje endå til O+ frå slakteavrekninga, må drifta truleg leggast om, vi må truleg avle fram større dyr og kraftfôr må verte ein viktig del av dietten. Det er ikkje ønskeleg. Ein må også vere klar over at beitegrunnlaget varierar kraftig rundt om i landet, slik at dette ikkje automatisk er overførbart til andre buskaper.

3. Vurdere lammetidspunkt

Når på året flokken din lammar, er avgjerande for kor kjøtsette dei vert til hausten. Det er kritisk for sluttresultatet at søyene har nok godt fôr til å gje rikeleg med mjølk, og at der fins godt gras når lamma treng det. Å ha for tidleg lamming er direkte negativt for sluttresultatet. Eit gammal ordtak er at lamma skal vekse med graset. Eit godt eksempel på kor viktig dette er, er seint fødde lam. Desse kan ofte klasse svært godt, sjølv om dei ikkje vert like store som dei tidlegaste lamma. Nok ein gong, kjøtsetnad og størrelse er ikkje det same. Det kan sjølvsagt vere vanskeleg å kalkulere ideelt lammetidspunkt når vi har eit sopass ustabilt klima som her i Norge, men om du noterar deg grasvekst og lammetidspunkt over fleire år vil dette kunne hjelpe med å gjere gode val.

4. Vurdere slaktetidspunkt

Når på hausten skal du slakte dyra? Om du kjenner dyra og har erfaring med haldvurdering, kan du enkelt seie kva dyr som ligg i fare for å ikkje oppnå tilskotet. Det ideelle er å halde igjen desse, medan dei du er sikre held O+ eller betre, vert sendt til slakt. Då får dei minste og minst kjøtfulle mindre konkurranse om maten, og litt meir tid på å oppnå potensialet. Det er rett nok fleire viktige kriterier du må ta inn i vurderinga.

A) Tilstanden på beita er svært avgjerande for om dette er ein vellukka strategi. Ved mykje regn og dårleg vêr, legg graset seg lettare og fôrverdien går ned. Då kan du potensielt gjere meir skade enn godt. Om dyra går på beitet som dei gjengåande dyra skal leve av når vinteren kjem, risikerer du å øydeleggje dette og grunnlaget for neste års produksjon. Her må du vurdere beitetrykket. Om beitetrykket er lavt, er dette truleg ikkje eit problem.

B) Feittklasser er eit vesentleg punkt når ein snakkar klassifisering. Får du nok feitt på dyra, dreg det opp karakteren, utan at kjøtsetnaden har auka. Dette gjeld først og fremst frå 2 til 3 i feittklasse. Det første du må gjere er å legge inn statistikken frå fjoråret og sjå korleis dyra kom ut. Tek du dyra heim til vidareforedling, ønskjer du ikkje for feite slakt. Let du slakteriet behalde desse, har det mindre å seie, sjølv om du må halde eit auge på feittrekket. Feittrekket, altso dårlegare pris pga for mykje feitt, er normalt relativt beskjedent, men om du mange nok dyr får trekk, risikerer du å få meir trekk enn du oppnår i auka tilskot. Ein graf over slakta frå fjoråret, er ein god indikator på du kan ha noko å hente på å auke feittsetnaden.

Om ein sett opp ein graf over feittklassifisering kan ein sjå om ein har noko å tene på å vente med å slakte dyra. I grafen over ser vi at det kan verte store problem med overfeite dyr om ein slaktar beytdelg seinare enn vi gjorde i 2016. Her er det også viktig å ta inn at beitegrunnlaget vil variere frå år til år. Om grafen viser at du har mange dyr lengre ned i feittklasse, kan du ha mykje å vinne på å vente lenger med å slakte.

C) Pris på kjøtet, om du ikkje tek det tilbake. Normalt går prisen på kjøtet ned utover hausten. Om du ventar for lenge med å slakte, kan du risikere å tape meir enn du vinn på å auke talet på dyr du oppnår O+ eller betre. Å slakte i fleire puljar, er den sikraste måten å unngå dette på.

Kort oppsummert:

Om beita dine i stor grad er utmark, er innkryssing av tyngre raser truleg direkte negativt for resultatet. Godt beitestell er det beste tiltaket for å auke andelen lam som oppnår O+ eller betre. Beita er det som avgjer potensialet for produksjonen. Gode avlsvêrar er viktig for å ta ut potensialet. Bruk difor tid (og pengar) på å finne godt kjøtsette rasetypiske avlsvêrar.

Var dette interessant? Andre gode tips? Fyr laus i kommentarfeltet under!


Eg vil også nytte høvet til å takke Egil Kvalsund for gode diskusjonar og faglege innspel i utarbeidinga av denne saka.

Daniel Fjørtoft
Nestleiar i Norsk Villsaulag

Kommentarer