Livdyrprisar 2017

Hausten er høgsesong for kjøp og sal av livdyr. Her kjem Norsk Villsaulag sine anbefalte prisar for livdyr for 2017.

Alle prisar er eks mva.
Søyelam                       kr. 1 500         Min. 25 kilo levande vekt
Vêrlam                         kr. 2 450         Bør vere minst 30 kilo.
Gimre (1 ½ år søye)   kr. 2 000 – 2 500      
Risbit (1 ½ år vêr)     kr. 2 750
Voksen vêr                 kr. 2 750 - 1500
Voksa søye                 kr.    2 000 - 500

Om vêrlammet er kåra, so kan det være aktuelt å legge til kostnaden med kåring.

Eit årlams som vart utvalt til avl - Foto: Daniel Fjørtoft

Vi har teke utgangspunkt i fjorårets kalkyle, og oppjustert hanndyr prisane for at slaktetilskotet no er på kr. 532. Hodyra er ikkje oppjustert. Om søyelammet er sopass stort at det med sikkerheit ville kvalifisere til produksjonstilskot, kan det vere aktuelt å legge på 250 kr.

Vi understreker at dette er rettleiande prisar. Mindre lam bør kanskje koste noko mindre, og ekstra store og flotte noko meir. Det fins mange som ser etter rimlege dyr før dei kikar etter kvalitet. Vår anbefaling er å ha i bakhovudet at hanndyr utgjer halve resultatet til neste år, og at søyene du kjøper når du startar opp legg grunnlaget for flokken i mange år framover. Pengane du eventuelt måtte spare på å kjøpe dei rimelegaste du finn, vert fort kostbart.

Når det gjelder pris på søyer og vaksne vêrar, so må denne variere myke alt etter om dyret er ungt og har mange produksjonsår framfor seg, eller gammal og snart må slaktas. For å sikre genetisk mangfald, er det ikkje ønskeleg at vêrane vert for gamle, og får svært mange avkom etter seg.

Ver merksam på at risbiter til salgs kan vere overvintra blålam (ikkje slaktemodne) fra i fjor. Slike bør ein ikkje kjøpe. Sikraste risbitkjøp er ein som vart kåra som lam, eller frå ein du kjenner som ikkje lurer deg på eit dårlig lam frå i fjor.

Prisane må også variere noko alt etter når på året salet foregår. Dersom seljar har para og fôra søya fram mot nyttår, er den sjølvsagt meir verdt enn ei som vert selt tidleg på hausten.


Reidar Christiansen, redaktør av Villsauen
Daniel Fjørtoft, nestleiar i Norsk Villsaulag

Norsk Villsaulag vil samstundes oppmode alle om å nytte rasestandarden for gamalnorsk sau som rettleiing når dei skal kjøpe og selje livdyr. Klikk her for å opne den!

Kommentarer