Raseskulen for gamalnorsk sau: Leksjon 2 - horn på vêrar

Eit av dei meir framtredande trekka til gamalnorsk sau, er dei majestetiske horna. La oss like godt starte med å sjå kva rasestandarden seier om temaet: Vêrar skal ha store, krølla horn. Desse må ha ei slik utforming at dei ikkje veks inn i nakke eller kjake. Mellom hornfesta i skallen skal det helst vere eit mellomrom i fingerbreidde. Vêrar utan horn er ikkje rasetypiske. 

To vêrar med flotte horn. Legg merke til at breidde og krumming er ulik. Foto: Anders Braanaas

Allereie her får vi vite ganske mykje: det aller viktigaste er horna ikkje er til fare for dyret, og elles er det opning for eit relativt stort spenn i utsjånad, so lenge dei er store og krølla. Det som ofte er det største problemet med bedømming av horn på vêrlam, er det er vanskeleg å vere sikker på korleis krumminga på hornet utviklar seg ettersom dyret og horna veks. Det er først når dyret er 2-3 år ein ser om hornstillinga er korrekt. Ein kan sjølvsagt plukke vekk ein del dyr med alt for smal eller brei hornstilling, men om dei vil vekse i kontakt med kjaken eller ha ei klaring på 3-4 cm kan vere vanskeleg å seie når dyret er 5 månader gamalt. Året etter, når dyret er ein risbit, vil ein normalt måtte slakte ut enkelte hanndyr som har utvikla seg feil. Dette er ein av grunnane til at prisen på ein risbit ligg høgare enn eit vêrlam; sjølv om dyret har eit år kortare tid igjen å leve, er ein langt tryggare på kva eigenskapar dyret har.

Når ein snakkar om kor luftige horna er, gjeld dette i stor grad høgda opp frå skallen. Gamalnorsk sau, har normalt luftigare horn enn ein typisk finn på gamalnorsk spælsau, og betydelegare luftigare horn enn på vêrar av rasa svartfjes.

Krumminga på horna er som ein spiral, og omkrinsen på spiralen kan variere mykje innanfor det genetiske mangfaldet. Det er ikkje definert noko grenser, men ein ønskjer symmetriske og harmoniske horn. Der skal vere nok passasje mellom horn og kjake til at ein kan føre handa mellom (ca 2-3 cm). Om det er mindre enn det, bør ein dyret ikkje avlast på. Kva er so harmoniske horn tenkjer du? Det er sjølvsagt subjektivt, men ein kan forklare det med at horna skal passe til dyret. Ikkje for store og grove, men heller ikkje små og spinkle.

Vêrlammet til høgre har normale horn, det til venstre alt for tette, med fare for å skade dyret. Foto: Reidar Christiansen

Same dyr som over. Her ser du at hornet kanskje kan vekse inn i skallen. Foto: Reidar Christiansen

Vêrlam med fine horn. Desse er av den litt vidare typa. Foto: Reidar Christiansen

Enkelte hevdar at mørke horn er noko svakare enn lyse, men det er stor ueinig heit om dette rundt om i dei ulike miljøa rundt om i landet. Det fins heller ingen dokumentasjon på dette, og nok ein gong er det viktig å ha mangfaldet i tankane.


Vêrlam med dårlege horn. Foto: Reidar Christiansen

I ein flokk med vêrlam, vil der ofte vere hanndyr med spinkle horn eller horn som ikkje har rett retning. Desse bør ein ikkje avle på, då dei både kan vekse inn i dyret, eller brotne i kamp med andre vêrar. Det er ikkje heilt uvanleg at vêrar drep kvarandre når det står på som verst. Kraftige horn med rette eigenskapar er med på å reduserer risikoen.


Far (til høgre) og son. Begge med flotte horn. Foto: Egil Kvalsund


På horna kan ein og sjå skilje mellom «vekstsesongane», ikkje ulikt på eit tre, men her i lengderetning, og ikkje innover mot kjernen som på treet. Ein kan altso fastsetje alder på vêrar ved å telje overgangane. Veksten på horna avtek ettersom dyret vert eldre. Gamalnorsk spæl har mindre påfallande reduksjon i vekst, og dette forskjellen er endå større om ein samanliknar med rasa svartfjes. Om eit dyr går frå dårlege til gode beiter frå eit år til eit anna, vil typisk hornveksten verte påverka. Ein kan då sjå at horna vert kraftigare, og ein får ein markant overgang. Dette er ikkje genetisk, og skal ikkje vektleggast i vurdering av sjølve dyret.


Stor hornvekst som lam og risbit, mindre tredje årete. Denne vêren er 3,5 år. Foto: Daniel Fjørtoft


På denne vêren er det tydeleg forskjell på hornvekst som lam og risbit. Foto: Daniel Fjørtoft


Vêr med rare horn, kanskje etter skade som lam. Foto: Reidar Christiansen

Hovudpunkt å ta med seg:
Horna skal vere store og krølla.
Horna skal ikkje vere til fare for dyret (ikkje spinkle eller krumme inn i hovudet).
Sjå etter harmoni og symmetri, og ha mangfaldet i tankane.

Spørsmål eller kommentarar? Fyr laus i kommentarfeltet under.

Hugs å følgje Norsk Villsaulag på Facebook for å bli varsla når neste leksjon er ute. Då skal vi sjå på horn på hodyra.

Takk til alle som bidreg med bilete og kunnskap. Dette hadde ikkje gått utan hjelp.


Daniel Fjørtoft
Nestleiar i Norsk Villsaulag

Kommentarer