Raseskulen for gamalnorsk sau: Leksjon 1 - kvifor treng vi rasetypiske dyr?

Norsk Villsaulag har som du sikkert kjenner til etablert ein rasestandard for gamalnorsk sau, men kva betyr det å ha kort spel, og kvifor skal du bry deg om rasestandarden? NVL vil i tida framover køyre ein artikkelserie der vi går igjennom dei viktigaste trekka til rasa, og illustrere kva vi bør sjå etter når ein veljer livdyr til avl. Men først vil eg seie litt om kvifor akkurat du skal bry deg om rasestandarden.

Kva er rasetypisk for rasa gamalnorsk sau? Foto: Daniel Fjørtoft


Ei sak for idealistar?
Ein kan godt hevde at ein rasestandard er for idealistar. For dei som berre har nokre dyr for hobbyens skuld, er det kanskje ikkje nøye om dyra har lugg, sjølv om rasestandarden seier dei ikkje skal ha det. Enkelte trekk i rasestandarden er tufta på kva som er det beste for dyret. Andre trekk har ei meir historisk forklaring, og er der fordi ein ønskjer å bevare ei av våre eldste husdyrrasene våre for framtida. Det er fleire grunnar til det er viktig, ikkje berre for å ha eit «museumsdyr», men også for framtidig bruk. Ein veit at monokulturar og ei avgrensa breidde i arvematerialet gjer ein meir utsatt for sjukdom, og gjev dårlege kår for å møte framtidige utfordringar. Ta for eksempel klimaendringar; det vil gjere at beiteforhold og risiko for sjukdomsspreiing vert endra. Det kan tenkast at ein i dei gamle rasane med eit stort mangfald i arvematerialet, slik som hjå gamalnorsk sau, finn genar som gjer dei betre tilpassa, eller som kan kryssast inn i dei meir typiske produksjonsrasane for å løyse problem ein står ovanfor. Verdien er sjølvsagt størst om ein greier å sikre mangfaldet samtidig som ein unngår utvatning frå andre rasar.

Vi har altso gode grunnar til å sikre rasa for framtida, og om vi skal greie det, må alle bidra. Og her kjem du inn, anten du driv stort eller lite. Det fins i dag anslagsvis 100 000 søyer av rasa gamalnorsk sau i Norge, som folk flest kallar «villsau». Det høyrest kanskje mykje ut, men fjernar du alle som anten er kryssa med andre rasar eller ikkje er rasetypiske er talet langt mindre. Deler ein dei restarande inn etter fylkesgrenser, som i dag er det som avgrensar kjøp og sal av livdyr, ser ein fort at det ikkje er so mange likevel. Og her oppstår det eit problem: alle «idealistane» som tek rasestandarden på alvor, og som arbeider systematisk for å bevare rasa, treng friskt blod inn i flokken dei og. Dei må kunne handle vêrar som held høg standard, og som ikkje er i nær slekt med eigen flokk. Dei kan heller ikkje kvart år reise land og strand for å finne desse, og dei bør kunne stole på at seljar har same intensjon om å bevare rasa som ein sjølv. Først då er ein rimeleg trygg på kva som ligg arvestoffet, og ikkje berre det ein ser når ein kikar på dyret. Om desse «idealistane» skal lukkast i å bevare rasa, må alle bidra.

Det er ingen hemmelegheit at svært mange av dei som har dyr av rasa gamalnorsk sau har dette som ein hobby. For mange er det viktigare å få tak i rimelege og kortreiste vêrar, enn å sikre at dei er rasetypiske. Det skal ein ikkje flire av, men eg vil påpeike at ved å sjølv leggje litt arbeid og pengar i kjøp av rasetypiske dyr, hevar du også prisen på vara du sel. Om du har ein rasetypisk flokk, vil mange fleire vere interessert i å handle med deg, anten du har 10 eller 1000 dyr. I tillegg får du ein del gode eigenskapar på kjøpet, som mellom anna enkle lammingar, sterkt flokk- og morsinstinkt, nøysamheit, emne til å lagre feitt til vinteren, lite sjukdommar og ikkje minst trivlege dyr å arbeide med.

Rasegodkjenning av gamalnorsk sau
Det er fleire som ønskjer at Norsk Villsaulag skal starte arbeidet med å rasegodkjenne dyr. Dette betyr at du får låst rasekode i sauekontrollen etter eit besøk frå ein inspektør i Norsk Villsaulag. Diskusjonen rundt dette vart endå meir aktuelle etter at krava til klassifisering på slakt vart heva i 2017. Mange ønskjer at dei lette rasane skal få lågare krav for å oppnå tilskotet, men det vil krevje at dyra er rasegodkjente.

Mattilssynet har aukande fokus på dyrevelferd for utegangarsauer, og at dyra skal vere tilpassa driftsforma. Kanskje vil det på sikt verte eit krav frå Mattilsynet at dyra skal vere rasegodkjente for å få gå i utedrift, altso utan fast tilleggsfôring vinterstid? Det er sjølvsagt ikkje viktig om dyret har lugg eller ikkje om det skal gå ute, men det er inga tvil om at mange kryssingsdyr vil ha svekka emne til å greie seg ute vinterstid. Ei utfordring for Mattilsynet er å skilje rasetypiske dyr og kryssingsdyr, slik at dei dyra som skal gå ute, ikkje bere har føresetnader til å overleve, men å gjere det med god dyrevelferd. Om NVL skal gjennomføre ei slik rasegodkjenning, er det viktig at flest mogleg har arbeidd litt med rasestandarden før vi sett i gong, slik at flest mogleg kan verte godkjent. Dei som er godkjent kan nemleg berre kjøpe dyr frå andre som er godkjente, om dei ønskjer at avkommet skal automatisk verte godkjent som rasetypiske.

-OK – eg kjøper argumenta. Kva gjer eg?
Det første du bør gjere er å lese rasestandarden for gamalnorsk sau. Den kan du opne ved å klikke her.

Du kan so følgje med i artikkelserien som vi skal publisere framover, som vil gå inn på delar av rasestandarden i meir detalj. Då kan du lære kva du skal sjå etter når du vel ut dyr.

Eit anna viktig punkt er eit godt fagmiljø. Det er ingen tvil om at ein kjem lengst om ein samarbeider i grupper. Den mest naturlege forma er lokallag tilknytt Norsk Villsaulag, men det finst også andre måtar å arbeide på. Å arrangere syning av vêrar på hausten, er ein god måte å treffe gode kollega, og utvikle eit miljø på.

-Ein rasestandard er flott det, men her eg bur er det vanskeleg å få tak i rasetypiske dyr. Kva gjer eg då?
Det første du bør vurdere er semin. Ved å inseminere dei beste søyene dine, kan du raskt få inn nytt blod av rasetypiske dyr og sikre eit breiare materiale å gjere utval i. Om du inseminerer det beste søyene du fekk frå semin, har du fått inn svært mykje nytt på kort tid (kjent som semin på semin). Vêrlam av semin er god salsvare, som du normalt kan få ein god pris for. Om du ikkje sjølv kan nytte semin, bør du prøve å kjøpe avkom etter semin. Eit godt vêrlam av semin, kan gje mykje av den same effekten, og vil auke det genetiske mangfaldet i flokken.

Mangfald vs «ureint blod»
Ei av dei største utfordringane med ei rase som gamalnorsk sau, er å setje grensa mellom kva som er mangfald, og kva som er resultatet av innkryssing eller avl utover rasestandarden. Enkelte gongar er det tydleg, andre gongar ikkje. Enkelte gongar må ein sjå flokken samla for å gjere ei vurdering, andre gongar greier ein det på individnivå. Dette vil vi prøve å belyse i artiklane, men det er greitt å ha med seg at dette må reknast som vidaregåande kurs. Det viktigaste er at ein startar å auke bevisstheita, og gjer noko med det enklaste først.

Ha i tankane at nesten alle vêrlamma vert slakta, og langt på veg dei fleste av søyelamma. Då må vi sette av plass til mangfaldet, og samtidig luke ut dei med uønska eigenskapar, som for eksempel dårleg beinstilling. Det er også greitt å vere klar over at det er mange av vêrane som vert omsett til avl som ikkje oppfyller krava ein bør stille til ein god avlsvêr. Håpet mitt er at kanskje dette vert betre ettersom leksjonane frå raseskulen kjem ut.

Føl med vidare i denne serien og fyr gjerne laus med spørsmål i kommentarfeltet under.
Og om du vil støtte arbeidet vårt vidare, hugs å melde deg inn i Norsk Villsaulag!


Daniel Fjørtoft
Nestleiar

Norsk Villsaulag

Kommentarer

  1. Unfortunately my norwegian is only very basic. I think I get the gist of this article and it is very interesting. It would be brilliant If you could wrote an english translation. I think there is very interesting and helpful information for breeders of other 'northern short-tailed' breeds. Or old breeds in general. 'True to type' and 'genetic diversity' are things we have to balance in Skudde, too. I'm sure lots of people would like to learn from people in norway.

    SvarSlett
  2. I find this post to informative. Thanks for sharing this! www.collegeparkgm.ca/new/gmc.html

    SvarSlett

Legg inn en kommentar