Referat frå årsmøte i Norsk Villsaulag 2017 – del 1

Sist helg var villsauinteresserte frå store delar av Norge samla i Fosnavåg, og det vart ei minnerik helg for dei som hadde teke turen.


Leiar Alv Ottar Folkestad fekk ønskje dei frammøtte velkomne, før det vart ein times gjennomgang av status og diskusjon rundt vidare arbeid i merkevaresaka.

Alv Ottar Folkestad - Foto: Daniel Fjørtoft
Etterpå starta det formelle årsmøtet. Heidi Taraldsen (Frøya og Hitra villsaulag) og Hilde Bjøru (Ytre Namdal villsaulag) gjekk ut av styret etter 2 år. Inn kom Torunn Haukanes (Austevoll villsaulag) som har vore 1. vara i siste periode, og Christina Dahl (Ytre Namdal villsaulag), som også tidlegare har vore med i styret.


Etter det formelle årsmøtet og ei lunsjpause, var det klart for fagdel med tre eksterne føredragshaldarar. Først ut var Tore S. Tollersrud, veterinær i Helsetenesta for sau (Animalia). Han losa dei frammøtte igjennom temaet «Førebyggande helsevern hos sau med særleg vekt snyltarar og snyltarbehandling». Først ut leverikter, som er eit aukande problem i Norge, spesielt på kysten i Sør-Norge. Aller verst på sørvest-landet, der det fins mange besetningar med gamalnorsk sau. Spreiinga av smitte kan ofte kome frå hjortedyr som går inn i beiteområda. Er beita fuktige med stilleståande vatn, er ein svært utsatt. Eit varmare og fuktigare klima vil nok gjere dette til eit endå større problem framover. Neste ut var rundormane. Felles for alle parasittane er nedbeitte beiter, der dyra går med munnen heilt ned i molda. Dette aukar smittepresset.

Han kom so inn på blodsugane løpeorm, Haemonchus contortus, som er eit aukande problem, både nasjonalt og globalt. Det er dessverre eit problem at det er aukande grad av resistens mot medisinering. Også andre snyltarar fekk spalteplass, før førebyggande tiltak og rett medisinering vart gjennomgått. Innlegget var svært lærerikt og hadde det vore tid til det, kunne nok seansen med spørsmål og svar vart utover kvelden.


Sjekk gjerne ut

Neste ut var Lise Grøva frå Nibio som kom for å fortelje om flått og flåttborne sjukdomar. Felles for dei fleste flåttborne sauesjukdommane er at dei ikkje smittar via egga. Mange «flåtte» bilete vart vist fram, og dei frammøtte klødde godt når Lise guida publikum igjennom ulike fasar og artar av flått. Ukjent for mange var nok at hjorten fungerer fortynnande på spreiinga av borreliasmitte. Sau vert heller ikkje sjuk av borrelia. Sjodogg derimot, ein flåttboren sjukdom som skuldast Anaplasma phagocytophilum, kan gi svekka vekt, sterilitet og død.  Likevel er det største problemet at dei får svekka immunforsvaret, som kan gi ei rekkje alvorlege følgjesjukdommar. Eit viktig førebyggande tiltak er tørre og opne beiter. Det er også ein fordel at dyra blir smitta allereie før dei er tre veker gamle, då antistoffa i morsmjelka er mest effektive rett etter lamming. Gamalnorsk sau har mindre feberrespons og infeksjonsrate for sjodogg samanlikna med Norsk kvit sau, men er ikkje beskytta. Klimaendringar og gjengroing er viktige årsaker til at det blir meir flått. Eit kjekt faktum er at det er mindre flått der det beiter sau. Altso endå ein god grunn for å drive med sau! Også i denne seansen hagla det med spørsmål frå salen, og om ikkje formannen hadde sett ned foten, kunne vi fortsett endå ei stund.


Nina Hovden Sæter, frå Norsk Genressurssenter fekk æra av å avslutte innlegga på fagdelen. Ho snakka om gamalnorsk sau og tok mellom anna for seg innavl i små populasjonar og korleis ein kan unngå innavl. Ofte det første resultatet av innavl er nedsett fruktbarheit. Eit viktig poeng i arbeidet med å unngå innavl er å unngå avlsmatadorar ved å bytte vêrar ofte. Eit anna poeng var at minst 10% av flokken bør vere hanndyr. Det «kravet» er det nok få som innfrir i dag. Innanfor rasestandarden, påpeika ho viktigheita av å utnytte breidda i variasjonen. Ho oppfordra også på det sterkaste til å beskytte det viktigaste særtrekket til gamalnorsk sau, som ho meiner er kroppsstørrelsen. Det vert nok eit viktig argument inn i diskusjonane som går rundt størrelsen på rasa.
Nina H. Sæter i diskusjon med dei frammøtte - Foto: Daniel Fjørtoft

Vidare gjekk ho inn på viktigheita på bruk av seminvêrar, og at raselaget må bli flinkare til å få inn kandidatar. Leiaren i Norsk Villsaulag, Alv Ottar Folkestad måtte skyte inn at det ofte er Mattilsynet som sett foten ned for inntak av seminvêrane som er føreslått av raselaget, noko som gjer arbeidet utfordrande. Nina meinte derimot at reglane var godt kjente og ikkje burde by på problem. Etter ei runde med god diskusjon, vart fagdelen avslutta. Resten av spørsmåla fekk vente til middagen, for no venta ein rundtur der mellom anna «inspeksjon» av villsauflokken til Kjetil Bakken stod på tapeten. Føl med i del 2.



Endå ikkje medlem i Norsk Villsaulag? Send e-post til innmelding@villsau.no i dag!

Kommentarer