Ferskt villsaukjøt på plass i Torino

Kjøt av villsau frå Værlandet er no på plass på festivalen Salone del Gusto i Italia, kor villsaubønder frå Austevoll står for salet. Det gjer dei i selskap med over 2000 tradisjonsprodukt frå heile verda.

- Det er ganske unikt at vi har fått ferskt kjøt sendt frå Noreg og hit til Italia, seier matataché hos Fylkesmannen i Hordaland, Gunnar Nagel Dahl.
- Kvaliteten er fantastisk, og vi gler oss til å sleppe kjøtet laust og sjå korleis det vert teke i mot.

Ein skulle gjerne tru ein marknad i gourmetlandet Italia fløymde over av sauekjøt, men det er ikkje tilfelle. Her er mjølkesau normen, og kjøt av dyret er sjelden. Det er difor å forvente at dei 300 kiloa som vart slakta på Nortura i Førde mellom 6. og 8. september får bein å gå på.

- Kjøtet er steikt på svak varme over lang tid, og er utruleg mørt, fortel Monica Hauge, villsaubonde frå Austevoll og utdanna kokk.

Kjøtet vert servert med kål og dressing. Får italienarane smaken på norsk villsau, har dei høve til å kjøpe med seg ferskt kjøt heim til sitt eige kjøkken.

Salone del Gusto er arrangert av den verdsomspennande rørsla Slow Food, som jobbar for å ta vare på og støtte ein mest mogleg mangfaldig matproduksjon. Messa og festivalen er deira viktigaste internasjonale hending, dedikert til mat og gastronomi. Over 1600 produsenter frå heile verda deltek på marknaden, og opp mot 250 000 er venta å vitja arrangementet.

Grunnleggjaren av Slow Food, Carlo Petrini, besøkte Noreg i 2006. Då fekk han prøve villsaukjøt, og det fall i smak: Gourmeten sa rett og slett at villsau var det beste han har smakt.
Norsk villsau har presidiumstatus i Slow Foods Smakens ark - eit levande bibliotek av tradisjonsmat frå heile verda. Presidier har ein heilt særskilt status i Smakens ark - produkt med særleg sterk regional og historisk tilknytning. Produksjonen skal òg vere handverksprega.

På 1950-talet var villsauen nærast utrydda - men ein storstila redningsaksjon vart sett i gong nettopp frå Austevoll, leia av Lars Erling Horgen ved Austevoll landbrukskontor. No er interessa for den hardføre og sjølvstendige sauen sterkt aukande langs heile Noregskysten, og rasen er ikkje lenger truga. Men det er framleis ei utfordring å få det spesielle kjøtet ut til forbrukarar. 


Siri Helle


Red. anm: Grunna at nettredaktøren var på reise i helga, vart ikkje saka publisert når saka var heilt fersk. 

Kommentarer