Rasestandard for gamalnorsk sau

Norsk Villsaulag har gleda av å presantere rasestandarden for gamalnorsk sau!


På årsmøtet i Norsk Villsaulag for 2016, vart den første rasestandarden for gamalnorsk sau godkjent. For gamalnorsk sau, har vi tidlegare berre hatt ein rasebeskrivelse. Denne har vore mindre formell i forma og var heller ikkje utforma etter standarden som er brukt for andre norske sauerasar. Den nye rasestandarden har teke utgangspunkt i den gamle rasebeskrivelsen, og styret har gått igjennom alle innkomne forslag frå ei omfattande høyringsrunde.

Kva er so ein rasestandard spør du? Og kva skal du med den? Jau, ein rasestandard skildrar dei eigenskapar og trekk ein husdyrrase skal eller bør ha. Den seier og noko om historia til rasen, og kva som skil den frå andre rasar. For rasen gamalnorsk sau, med eit stort mangfald, vert det sjølvsagt utfordrande å utarbeide ein standard, som kanskje er mest tilpassa meir einsretta husdyrrasar. Men sjølv om arbeidet kan vere vanskeleg, er det ikkje mindre viktig. Eitt av hovudmåla var å få med mangfaldet, utan å vatne ut dei eigenskapane ein kjenner frå rasen. Dette meiner vi i styret at vi har fått til på ein god måte, og håper rasestandarden vil kome til hjelp for både dagens og komande villsauebønder. Rasestandarden er utarbeidd etter Norsk Sau og Geit (NSG) sin mal, og skal no vidare til NSG for endeleg, formell godkjenning.

Når ein hentar vêrar til flokken kan rasestandarden vere til god hjelp. Foto: Daniel Fjørtoft

Styret skal no i gang med å illustrere dei ulike trekka under "raseskildring" i standarden. Vi ønskjer gode og illustrerande bilete frå medlemmar og villsaufolk. Du kan sende bilete til daniel@tussa.com, merk e-posten "Rasestandard". NB: ved å sende inn bilete gjev du Norsk Villsaulag rett til å bruke desse på nett og i rasestandarden. NVL vil kreditere fotograf så langt dette let seg gjere. Bileta bør vere av god kvalitet, men helst ikkje alt for store.


Klikk her for å opne rasestandarden i PDF-format.

Klikk her for å lese meir om rasestandard på NSG sine sider. 


Kva synes du om den nye rasestandarden? Legg gjerne igjen ein kommentar under, eller på Facebook-sida vår.

NB: Det er verdt å merke at ingen sauebønder er pålagde til å følje ein rasestandard. Ein kan gjere sine eigne val og vurderingar, så lenge dette ikkje går på akkord med dyrevelferda. Det er likevel verdt å merke at om ein rase som gamalnorsk sau skal sikrast for framtida, krev dette ein aktiv innsats for dei som driv med rasen. Dette gjeld både i avlsarbeidet, og ærlegheit om atypiske eigenskapar når ein sel livdyr.




For Norsk Villsaulag,
Daniel Fjørtoft, sakshandsamar


Kommentarer