Brennpunkt utmark

Fredag før årsmøtet i Norsk Villsaulag vart det arrangert fagsamling med fokus på utmarksbeiting. Eit vidt spekter av foredragshaldarar stod klare, og ein fullsett sal var spent på kva dei skulle få servert.


Kloke ord - Foto: Daniel Fjørtoft
Namnet på samlinga var inspirert av Brennpunktserien om utmarksbeite og intensiveringa av landbruket. Formell arrangør var Haugaland Landbruksrådgiving, og ein håpte på å famne breiare enn berre villsaunæringa. I Haugaland har ein gode erfaringa med sambeiting av sau og storfe, og programmet var difor ikkje berre retta mot villsaudrift.


Publikum fekk mellom anna høyre brennande innlegg om lyngheiane og skjøtsel av desse, støtteordningar og om juridiske utfordringar knytt til gjerdelov og beitelagsstifting. Eit av høgdepunkta var nok Tore Johan Enderstvedt, visebrannsjef i Sveio, som delte erfaringane frå deira organiserte lyngbrenning, og korleis dei samarbeidde med landbruksmyndigheitene og lokale grunneigarar for å sikre topp kompetanse, redusering av brannrisiko i utmark og ikkje minst den truga naturtypa kystlynghei. Dette var eit innlegg som mange skeptiske brannsjefar rundt om i landet skulle fått med seg!



Dagen vart avslutta med ein fantastisk tur til Kringsjå, der dei frammøtte fekk servert nydeleg mat og historier i triveleg lag, før det bar ut i marka, der Mons Kvamme fungerte som fag-guide.

Markvandring på Kringsjå i Haugesund - Foto: Daniel Fjørtoft

For meir info og presentasjonane frå foredragshaldarane, sjå Haugaland Landbruksrådgiving sine sider


På vegne av Norsk Villsaulag, vil vi rette ei stor takk til alle som tok seg tid til å møte, foredragshaldarar, Tom Melkevik på Kringsjå og ikkje minst primus motor Annlaug Fludal og Ove Stumo.

Daniel Fjørtoft
Norsk Villsaulag

Kommentarer