Sunnmøre Villsaulag: Årsmøte 2016

Torsdag 12. mai vart det avhelde årsmøte i Sunnmøre Villsaulag på Lanternen i Herøy. Årsmøtet starta med ein fagdel, der utviklinga innan produksjonstilskot og villsau-ull stod på agendaen. Mone Løvøy rapporterar:

20 medlemmar møtte opp til årsmøte, som starta med ein fagdel der vi hadde besøk av Oddvar Gjerde frå landbrukskontoret. Vi snakka også litt om villsau-ull som råvare og resurs.

Produksjonstilskot:
Gjerde informerte om endringane for produksjonstilskot som kom etter den nye regjeringa i 2014. Kravet om omsetning på 20 000 kr fall då vekk, i staden kom eit frådrag i tilskotet på kr 6000. I tillegg har fylkesmennene på vestlandet gått saman og utarbeidd felles retningslinjer som landbrukskontora skal bruke saman med ei skjønnsmessig vurdering.
Desse retningslinjene går ut frå tanken om «allminneleg jordbruksdrift», at ein skal ha ei næringsinntekt (drive produksjon) og omsette slakt. Det vert rekna med at ein minst skal ha 0,91  slakta lam pr søye. Alternativt må ein dokumentere sal av livdyr og eller at ein har sett på/overvintra ein del lam. Departementet seier tydeleg at dei ynskjer at flest mogleg av lamma vert slakta om hausten.

Oddvar Gjerde oppklarar situasjonen rundt kriteria for tilskot
I tillegg er det slik at Gamal Norsk rase skal ha eit snitt på 12,9 kg i slaktevekt for å få tilskot, det er likevel godkjent eit avvik på 70%, slik at dersom ein har mindre enn gjennomsnittleg 9 kg slaktevekt pr dyr vil det kunne gje trekk/eller ikkje tilskot.  Det vart ein diskusjon der det kom fram at Norsk Villsaulag har tenkt å gå inn for at ein skal vurdere slakteklasser i staden, fordi sjølv om lam av Gamal Norsk Sau er av ulik storleik om hausten, vil dei fleste likevel vere slaktemodne. 
Det er også viktig å merke seg at ein må sørge for at alt på søknadsskjemaet skal vere rett, for at ein ikkje skal få trekk. Har ein sendt inn før fristen, og oppdagar ein feil, så kan ein levere ny søknad på papir til landbrukskontoret innan fristen.
Gjerde seier at dersom vi vil fremje endringar, må det jobbast opp mot Sau og Geit og Småbrukarlaget.

Villsau-ull som råvare og resurs:
Bruken av ull er meir i tida, og difor er dette tema. Me må verte meir beviste på ulla som resurs. Sunnmøre Villsaulag hadde ullkurs på Larsnes i vinter, og kanskje vil vi køyre eit slikt kurs til, og dersom interesse eit oppfølgingskurs.
Dersom ein vil sende ull til spinning sjølv, kan ein det, men det er eit års ventetid frå du «melder inn» ulla til du får sendt den. Du kan sende blant anna til Selbu spinneri og Telespinn.
Eit tips frå eit par av medlemmane er at villsau-ull «jagar» vekk hjort og rådyr. Dersom ein heng ull rundt eigedomen, vil dyra ikkje kome inn. Det er forsøkt for eksempel i ein frukthage på Linge i Valldal, med godt resultat.
North Atlantic Native Sheep And Wool Conference vert halden i Lofoten 21. - 25. september 2016. De kan lese meir om denne på nettsida http://www.native-sheep.no/ eller på facebook: North Atlantic Native Sheep and Wool Conference.

I samband med denne konferansen vert det ei utstilling på Gjermundnes i veke 46-48. Her viser Karin Flatøy Svarstad produkt av skinn og ull frå alle landa som er med.  Vi vert oppfordra til å ta turen til denne utstillinga.

Årsmøtet

Etter fagdelen var ferdig, vart det servert mat, før det formelle årsmøtet tok til.

Alv Ottar Folkestad, som har vore leiar i gjeldande periode, vart i 2015 valt til ny leiar i Norsk Villsaulag, og ønskja difor avløysing i lokallaget. Egil Kvalsund, som også tidlegare har hatt leiarvervet, vart ny leiar. 

Alv Ottar (til venstre) mottek heimedyrka blomar som takk for innsatsen frå Egil Kvalsund, som vart ny leiar.

Driv du med villsau på Sunnmøre, og er endå ikkje medlem? Meld deg inn i dag å ta del i spennandes villsau-aktivitetar!

Kommentarer