Lammetid i villsaubeita – pass på kor du går; og ikkje minst hunden din!

I desse dagar startar det som av mange vert rekna som vårens vakraste eventyr, lamminga! Pass på kor du ferdast, slik at eventyret får ein lykkeleg slutt!

Innan villsaudrifta, lammar dyra normalt utandørs. Sauane har sterke instinkt når det kjem til lamminga, og dei trekkjer bort frå flokken, og finn seg ein egna stad der dei får vere i fred og kjenner seg trygge. Ofte er dette bak ein knaus, ein steingard, ei rot eller noko anna som gjev livd i terrenget. Her lammar søya, og brukar den første tida etterpå på å verte kjent med lamma, og ikkje minst let lamma verte kjent med ho. Først nokre dagar seinare vil søya og lamma trekkje tilbake til flokken.
Søye med lam på Uksnøya - Foto: Daniel Fjørtoft

Denne første tida er ei ekstremt viktig tid for dyra, og forstyrringar denne tida kan få fatalt utfall. Sidan dei ikkje lenger held seg i lag med resten av flokken og gøymer seg i terrenget, er det svært lett å kome brått på når ein går på tur i eit villsaubeite. Difor bør ein halde seg til opne områder der ein ikkje kjem brått på. Om det skjer, kan søya verte so skremt at ho kan forlate lamma sine, og sidan dei endå ikkje er knytt til mor si, kan lamma fort søkje mot menneskja. Dei vert også svært utsatt for rovfugl, som sjeldan er langt unna, og veit å nytte høvet når det byr seg.

Søyer med lam på Uksnøya - Foto: Daniel Fjørtoft
Om du skulle vere uheldig å skilje mor og lam, ikkje plukk opp lammet, men trekk deg unna og følg med om søya kjem tilbake til lamma frå trygg avstand. Om du er usikker, bør du kontakte dei som driv med sauane, og varsle om situasjonen. Om lamma vert plukka opp, eller kjem heilt bort frå mora, er å ta dei heim som flaskelam som oftast den einaste måten å redde dei på. Dette er sjølvsagt både ein risiko for lammet, og eit stort arbeid for bonden.

Hundar er også ein stor trugsel for både vaksne dyr og lam. Dei treng ikkje å bite dyr for å drepe. Å skilje mora frå lamma, eller springe etter dei er nok til å påføre stor skade for både dyr og bonde. Husk den generelle bandtvangperioda, og bruk føre var prinsippet når du ferdast i terrenget. Om du har med hund i eit villsaubeite, skal hunden alltid haldast i band, uansett når på året det er, for å unngå unødige situasjonar. Sjå mellom anna "Hundelova" § 3 om generell aktsemd, § 4 om sikring av hund og § 6 for bandtvang.

Norsk Sau og Geit har utarbeidd ein tiltaksplan for hundeangrep som kan vere smart å ta ein kik på for dei som driv med villsau. Klikk her for å opne denne.

Foto: Daniel Fjørtoft

Som preventivt tiltak kan det også vere smart å sette opp skilt på grinder, flytebrygger og andre strategiske punkt rundt beiteområdet, slik at ein unngår unødige situasjonar. Då kan det også vere lurt å ta med kontaktinformasjon for dei ansvarlege for dyra, slik at turgåarar raskt kan kome i kontakt om noko skulle skje.

Del gjerne saka, slik at flest mogleg får med seg dette.



På vegne av styret i NVL,
Daniel Fjørtoft

Kommentarer