Hald av datoen - årsmøte i Norsk Villsaulag 4. og 5. juni

Det vert årsmøte i Norsk Villsaulag den 4. og 5. juni 2016 med Haugaland Villsaulag som praktisk arrangør.


Stad: Park Inn by Radisson Haugesund Airport Hotel.
Tidlegare har årsmøtet starta kl. 11.00 med lunsj og fagleg innhald etter det. Det vert truleg også tilfellet i år. Endeleg tidspunkt vert varsla i innkallinga.

Vi diskuterer fagleg tema og er open for innspel.  Førebur samling av rasetypisk villsau frå fleire brukarar på sundagen herunder 2 kandidatar til seminverar.  Her kan vi få ei god drøfting av korleis villsauen skal sjå ut.

Styret i Norsk Villsaulag sender endeleg innkalling.

(saka fortsett under bilete)
Brenning av kystlynghei - Foto: Daniel Fjørtoft

I samband med årsmøtet vert det også arrangert Kystlyngkonferanse fredag 3 juni.

Dette er ein konferanse restaurering av kystlynghei.  Målgruppe er brukarar/bønder som beiter og skjøtter kystlynghei. På bakgrunn av erfaringar frå Haugalandet tek vi opp tilretteleggjing, informasjon, organisering og gjennomføring.

Aktuelle tema er vedtekter for beitelag, avtalar med grunneigarar, regler for gjerder og bruk av marka, korleis finne og tolke gamle gjerdeskjøn og andre tema.

Av "autoritetar" kjem professor Anders Lundberg UiB, Mons Kvamme frå Lyngheisenteret, Audun Steinnes frå Fylkesmannen i Rogaland og Annlaug Fludal frå Landbruksrådgjevinga.
Av brukarar prøver vi å få med nøkkelpersonar frå dei 10-12 prosjekta som er i gong på Haugalandet.

Konferansen er på same hotellet som årsmøtet, men dagen før, fredagen, heile dagen.  Detaljar kjem vi attende til.

For Haugaland Villsaulag
Ove Stumo

Leiar

Kommentarer