Sunnmøre Villsaulag har gleda av å invitere til kurs i sortering og bruk av villsau-ull. Kurset har vore ein suksess fleire andre stadar i landet, og no står Nordre Sunnmøre for tur. Kurset er ideelt for villsaufolk, husflidsfolk og andre som er interessert i ull som ressurs.
Kurset har fokus på villsauull, men vil ha stor verdi for dei som driv med andre saueslag og ønskjer å lære meir om sortering og bruk.Kurshaldar er Karin Randi Flatøy Svarstad. Du kan lese meir om då kurset vart arrangert på Søre Sunnmøre tidlegare i år, ved å klikke på lenkja: http://www.villsau.no/
Stad: Stette Grendahus
Vi startar kl 09.00 og reknar med å avslutte seinast klokka 17.00.
Kursavgifta er sett til kr 500 + kostnad til lunsj. Bindande påmelding til daniel@tussa.com eller 450 27 456.
Ta gjerne med eiga rå-ull.
Kommentarer
Legg inn en kommentar