Sunnmøre Villsaulag: Ullkurs 27. februar 2016

Norsk villsaulag har kursverksemd som prioritert aktivitet i inneverande årsplan. Derfor klaffa det som hand i hanske då NVL blei utfordra av Karin Flatøy Svarstad på samarbeid om ein kurs-serie med tema villsau-ull som ressurs. 

Karin Flatøy Svarstad (til venstre) viser spendte deltakarar korleis ein skal sortere villsau-ull. Foto: Randi Hole


Dette for å få opp interesse for, motivere og få i gang systematisk arbeid for kunne nytte villsau-ull som ei av råvarene frå villsaudrift. Eit større prosjekt, Krus-prosjektet med fokus på kvalitetsproduksjon av  norsk ull, har eit mindre delprosjekt, administrert gjennom Lyngheisenteret på Lygra, der  verdi og utnytting av villsau-ull er tema. Karin hadde ferdige planar for  kursopplegg for fire område langs Norskekysten våren 2016: Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Trøndelagskysten og Lofoten/Vesterålen. Ho hadde kontaktar og kursplanar for Lofoten/Vesterålen og i Ytre Nordfjord, men såg det som naturleg om NVL kunne stå som arrangør for ull-kurs i Møre og Romsdal og på Trøndelagskysten, etter som det i desse områda er fungerande lokallag av NVL. Slike lag manglar (inntil vidare?) i Lofoten/Vesterålen og Sogn og Fjordane. NVL-styret velsigna initiativet som del av villsaulaget sin arbeidsplan og hendla utfordringa vidare til lokallaga på Sunnmøre og på Hitra/Frøya. Det resulterte i ein kursdag på Sunnmøre 27. februar og to kursdagar på Frøya 4-5. april. I samarbeid med husflidslag og villsaubønder gjennomførte Karin Flatøy Svarstad eit ull-kurs på Sortland i Vesterålen  helga 5-7. februar med nær 30 deltakarar frå Lofoten/Vesterålen og Sør-Troms. Den 27. februar var turen komen til Sunnmøre med heildags samling på rådhuset i Sande kommune på Larsnes.

23 deltakarar, dei fleste medlemer i Sunnmøre villsaulag, supplert med folk frå husflidslaga og frå andre villsaubønder i distriktet. Gjennom eit intenst og tettpakka kursprogram presentert av Karin Flatøy Svarstad, fekk kursdeltakarane innføring i ull-historia frå «alders tid» og ull-tradisjonar som bokstaveleg tala leide(-ull-)tråd gjennom folkeliv, kulturhistorie og kulturlandskap, til industriell tekstilproduksjon som starta med den industrielle revolusjonen og «Spinning Jenny» i 1764. Vidare var det gjennomgang av to-lags-ulla sine kvalitetar og eigenskapar slik det har utvikla seg som livsnødvendig for dyra, men som i neste omgang leverer eit unikt kvalitetsråstoff som kan nyttast på dei mange tenkjelege og ei rekkje utenkjelege måtar og som definitivt er ein viktig del av heilskapsproduksjonen frå villsaudrift. Karin utfordra kursdeltakarane på å tenkje kreativt og sjå potensialet i å forme om det som diverre for dei fleste og over lang tid har vore sett på som pest og plage ved villsaudrifta, og som i stor grad har hamna i søppelet, vorte brent (utan å brenne!), nedgrave eller kasta på havet, men som kan skapast til den lettaste, mjukaste, vakraste ull-klednad, eller som grove, slitesterke, varme bruksklede, i strikka, vevd eller tova form. Det er berre mangel på fantasi som set grenser for nye former og nye uttrykk. Her er mykje upløgd land, eller rettare, ta-opp-att bruk av tidlegare kultivert land, der ull-tradisjonar har lange røter og tidlegare god hevd. Men framleis rom for nytenking for dei kreative. Om ein finn glede i arbeid med ulla for eigen del, eller ein siktar seg inn på sal for å etablere eller utvide inntektsgrunnlag, eller om det er aktivitetar i ein sosial setting – ulla kan gje godt grunnlag for positivt utbytte over heile spekteret. Bak det heile ligg behovet for å setje fokus på villsau-ulla som råstoff og ein ressurs som har vore lite påakta over alt for lang tid. Det er viktig gjennom  handling å vise resten av verda den (g)ull-gruva vi har midt mellom oss.

Konklusjon: Ein gjevande dag som berre skal vere starten på ein aktivitet som skal gjere det endå kjekkare og meir meiningsfylt å vere villsaubonde langs vår lange kyst. Og til hausten tek Sunnmøre villsaulag sikte på eit tilsvarande kurs for Nøre Sunnmøre, med rekkevidde for interesserte på Romsdalskysten. Koordinator der blir Daniel Fjørtoft. Ta kontakt med han pr e-post for å melde interesse.

For Sunnmøre Villsaulag,
Alv Ottar Folkestad

Kommentarer