Villsaudrift


Generell skildring for brukarar som ønskjer og starte opp med villsau.

1."Villsau" som sauetype, det som i dag offisielt har fått nemninga gammalnorsk sau.
Dette er den direkte etterkomaren av dei første sauene som vart førte inn i Norge då husdyrhald vart etablert for 4-5000 år sidan. Han høyrer til den greina av tamsau som har samlenamnet nordeuropeisk  korthalesau, og som vert rekna som opphavet til dagens korthalesauer (spelsauer) i ulike former frå Russland i aust til Skottland, Færøyene, Island og Grønland i vest. Innan dagens norske bestand av gammalnorsk sau er det stor genetisk variasjon sjølv om han vart slusa gjennom et avgrensa tal dyr då bestanden var på det lågaste på 1950-talet. Fellesnemnaren er likevel ein sauetype som er robust og spesielt godt tilpassa å greie seg utandørs på lyngheibeite langs kysten også gjennom vinteren. Han har aldri vore underlagt dei foredlingsprosessane som er grunnlaget for det som til vanleg vert kalla sauerasar (dyre-rasar) der målsetjinga er å velje ut definerte eigenskapar slik at dyra vert mest mogleg einsarta i arvestoff og utsjånad. Gammalnorsk sau (villsau) er ein sauetype som gjennomgåande har små/ingen problem med lamming og som er lite utsette for ein del sjukdomar og skadeproblem som kan vere utfordringar innan meir foredla sauerasar. Av og til møter vi påstandar om at gammalnorsk sau/villsau ikkje eignar seg for beite på inngjerda område og slett ikkje kan haldast innadørs, men dette byggjer på mangelfull kunnskap og er først og fremst avhengig av kva dyra vert vane med. I røynda er gammalnorsk sau svært flinkt til å tilpasse seg, og som sterkt sosial og utprega flokkdyr er han i mange situasjonar langt lettare å flokkdressere enn dei moderne sauerasane. Det er derfor viktig å tenkje gjennom kva funksjon sauene skal kunne fylle i det området ein ynskjer å bruke/skjøtte. Dette betyr sjølvsagt at villsau (eller "gammalnorsk sau" som er det faglege namnet) kan haldast som andre rasar/variantar av sau også i innlandet, under føresetnad av at driftsforma er tilpassa dei klare grensene som vinterklima i innlandet set, jamfør pkt. 2 nedanfor. Til samanlikning er gammalnorsk spelsau ein foredla og relativt ny sauerase som har sitt opphav i gammalnorsk sau, men er sett på som tilpassa innlandsklima og fjøsdrift i vinterhalvåret, medan gammalnorsk sau til samanlikning framleis har åtferd og fysiologi som gjer han i stand til å nytte beitegrunnlag og overleve normale vintertilhøve i hei-landskapet på kysten.

2. "Villsau" som driftsform = i praksis det som frå gammalt av har vore kalla utegang, altså at dyra går ute heile eller delar av året, men som i dagens regelverk er fått nemninga "utedrift" (Småfe-forskrifta § 18).
Denne driftsforma var i gammal tid det vanlege for både sau og geit langs hele Norskekysten opp til Vesterålen, altså at avlsdyra gjekk fritt på beite i lynghei og utmark heile året gjennom, men med noko varierande praksis frå dei som i hovudsak hadde ein eller et par "jag" årleg på dyra, der dei vart drivne saman, teke ut dei som skulle slaktast, medan dei som skulle vere avlsdyr, vart merka og eventuelt klipte og deretter sleppte fri igjen. Andre hadde dyra noko meir under kontroll gjennom året, men likevel slik at dei fann alt/det meste av føda si utadørs også vinterstid. I moderne tid har det etter kvart vorte større fokus på og strengare krav til dyrevelferd, bl.a. med krav om husdyrrom tilgjengeleg for å sikre at husdyr skal haldast innadørs under vanskelege vértilhøve i vinterhalvåret, såkalla "utegang" (Småfe-forskrifta § 17). For å kunne drive med "villsau" som driftsform er det derfor naudsynt med dispensasjon frå kravet om husdyrrom (Dyrevelferdlova og Småfe-forskrifta § 18), og kravet til slik dispensasjon er at det må finnast tilfredstillande le og ly for dyra frå naturen si side (grotter, hellarar, skogholt), at dyra må ha god ullfell på hausten, og at dyra normalt har tilgang til beite og vatn også i vintersituasjonen (lyng og annan vintergrøn vegetasjon eller planter med opplagsnæring). Slik vi har forstått dei reglane som er sette for å gje dispensasjon for "utedrift" etter § 18 i Småfeforskrifta i Norge, blir det inntil vidare berre gitt slikt løyve for gammalnorsk sau. Ansvarleg styresmakt for løyve er Mattilsynet gjennom sine distrikts- og regionskontor (hovudkontor i Brumunddal), men naturleg nok med lokale landbruksstyresmakter som vegleiarar og som ansvarlege for den landbruksfaglege delen av ein slik prosess. Det er derfor naudsynt å ta kontakt med lokalkontora både for landbruk og mattilsynet når ein ynskjer å starte sauehald, uansett kva type sau ein tek sikte på. Av det som er sagt innleiingsvis, tør det vere klart at villsaudrift som driftsform (utedrift) ikkje kan drivast på forsvarleg måte i innlandet, nettopp fordi dette ikkje kan sameinast med snødekke som det normale i vintersituasjonen. «Utedrift» har som vilkår at dyra normalt skal ha tilgang på lyng eller annan vegetasjon av reell beiteverdi gjennom heile vinterhalvåret, og at snødekke berre finst unntaksvis og i korte periodar.

Av dette følgjer at hald av "villsau" (gammalnorsk sau) som sauetype i innlandet, må anten baserast på vanleg fjøsdrift i vinterhalvåret, eller eventuelt etter § 17 i Småfe-forskrifta som gjeld ei driftsform der dyra har husdyrrom, men har fritt høve til å gå ut i inngjerda område på vinterstid, og då med spesifiserte krav til opphaldsplassar, fôr og fôringsanlegg og tilgang på vatn. Sistnemnde form må naturleg nok vurderast opp mot sjansen for konfrontering med rov-vilt, for under innlands vintersituasjon og med dyra konsentrert til eit inngjerda område vil nok aktuelle rov-viltartar lett kunne verte dregne til og trigga av ein saueflokk.

Mest oppdatert og summert kunnskap om villsau og villsaudrift finst i Hilde Buer si bok "Villsauboka" som kom på Selja forlag 2011. Nettopp kunnskap er ein føresetnad for vellukka etablering av villsaudrift. Derfor har kompetansekurs og dokumentering av kunnskap vorte ein viktig del av førebuingane til og godkjenning av villsaudrift. Her meiner Norsk Villsaulag naturlig nok å kunne ha ei sentral rolle. Søk også gjerne vår heimeside på nettet. Supplerande kunnskap er og tilgjengeleg hjå "Skog og landskap", Bio-universitetet på Ås.