Om NVL

Her finn du opplysningar om Norsk Villsaulag (NVL) og kva vi arbeider for.


For oversikt over styret, valnemnda og lokallaga, sjå kontaktinfo.

Norsk villsaulag arbeider for å fremje eit rasjonelt og lønsamt villsauhald, tryggje beiteretten og stimulere til samarbeid i produksjon og omsetnad. Det arbeidast for å ta vare på rasen gamalnorsk sau, også kalla villsau, i tråd med raseskildring, og bidra til skjøtsel av kystlynghei. NVL er raselag for gamalnorsk sau.

Norsk Villsaulag er ein ideell organisasjon driven etter vedtekter og retningsliner fastsette av årsmøtet. Medlemane er organiserte i lokale lag, eller som direktemedlemmar NVL i områda der det ikkje fins lokale lag.

NVL eig merkevaren Norsk Villsau og den geografiske merkevaren «Villsau frå Norskekysten / Villsau fra norskekysten».

Norsk Villsaulag blei stifta på Austevoll i 1995 og organiserer villsaubønder frå Østfold til Finnmark.
Eit av hovudmåla våre er å fremje villsau som ein kortreist, berekraftig og naturbasert smaksoppleving på bordet, eller andre produkt med tusenår gamle tradisjonsrøter og ikkje minst opplevingar i møte med beitande villsauflokkar i vakre og velhaldne kystheilandskap.

Norsk Villsaulag har også målsetjingar om å ta vare på våre kystlyngheier og å sikre villsauens unike genetiske mangfald. Saman med villsauens historie ligg det interessant kulturhistorie og gamal kunnskap om matauk, bruk og utnytting av ull, skinn og horn. Dette er sider av villsauhaldet som Norsk Villsaulag ønsker å bidra til utvikling av. Vi ønsker å stimulere til lokal ressursutnytting og til miljøforsvarlige driftsformer. Norsk Villsaulag har dessutan klar fokus på dyrevelferd og stiller strenge krav til våre medlemmer for å sikre villsauen et fritt og godt liv.


Om du har spørsmål om NVL, ta kontakt!

NB: Som direktemedlem i NVL kan du søkje økonomisk stønad til villsaurelatert aktivitet! Klikk her for å lese meir!