Gamalnorsk sau


Rasen si historie

Gamalnorsk sau høyrer til den greina av tamsau som har samlenamnet nordeuropeisk
korthalesau og som vert rekna som opphavet til dagens korthalesauer (spelsauer) i ulike former
frå Russland i aust til Skottland, Færøyene, Island og Grønland i vest. Saman med dei aller fleste
saueraser i verda er opphavet den asiatiske muflonen. Den norske varianten er den direkte
etterkomaren av dei første sauene som vart førte inn i Norge då husdyrhald vart etablert for 4-
5000 år sidan.
Rasetypiske vêrar  - Foto: Anders Braanaas

Innan dagens norske bestand av gammalnorsk sau er det stort genetisk mangfald sjølv om han
vart slusa gjennom et avgrensa tal dyr då bestanden var på det lågaste på 1950-talet.
Fellesnemnaren er likevel ein sauetype som er robust og spesielt godt tilpassa å greie seg
utandørs på lyngheibeite langs kysten også gjennom vinteren. Han har aldri vore underlagt dei
foredlingsprosessane som er grunnlaget for det som til vanleg vert kalla sauerasar (dyre-rasar)
der målsetjinga er å velje ut definerte eigenskapar slik at dyra vert mest mogleg einsarta i
arvestoff og utsjånad.
Vi veit at genar frå ulike andre rasar har blanda seg litt inn i gamalnorsk sau sitt arvemateriale.
Både merino, svartfjes og litt islandsk blod er kryssa inn bevisst dei siste 2-300 åra. Litt fri sex
har det nok også vore med andre rasar. Sjølv om det meste av dette er borte i dag, så kan t.d.
pannedusk og kinnskjegg tenkjast å vere arv frå merinoinnkryssinga. Ullkledd hale kan og kome
frå framandt blod.


Rasen sitt formål

Gamalnorsk sau er ein rase med stort genetisk mangfald. Rasen har unike eigenskapar i form av
at sauene er tilpassa det landskapet dei historisk har levd i, og ei driftsform der dei i stor grad
har greidd seg sjølve. Mange av eigenskapane til rasen er knytt til akkurat det å greie seg sjølve.
Enkle lammingar, sterkt flokkinstinkt, motstandskraft mot sjukdom, evna til å byggje opp
feittreservar, dobbel ullfell, at dei feller ulla, godt morsinstinkt og nøysemd er svært viktige
trekk for rasen. Rasen har stor historisk verdi i seg sjølv, men også som landskapspleiar og
produksjonsdyr for framtida. Gamalnorsk sau er eit svært viktig beitedyr for å kunne bevare
kystlyngheia som er ei truga naturtype. Rasen gjev relativt små slakt samanlikna med mange
nyare saueraser, men gjev kjøt av høg kvalitet og med ein unik smak. Det viktigaste for rasen er
at dyra skal vere funksjonelle, det betyr at eigenskapane deira skal sikre god dyrevelferd under
utedrift, i kystlynghei som dei historisk er knytte til.

Ta ein kik på rasestandarden for gamalnorsk sau:

Klikk her for å opne rasestandarden


Ta også ein kik på raseskulen til Norsk Villsaulag. Her kan du lære meir om dei ulike trekka til rasa, og korleis du skal kjenne dei igjen. Klikk her for å opne.