Sunnmøre Villsaulag: Invitasjon til medlemstur til Uksnøya 12.08.17

Sunnmøre Villsaulag har gleda av å invitere til medlemstur til Uksnøya, ei lita øy lengst ute i havgapet på grensa mellom Sunnmøre og Romsdal. 

Turen var planlagd for hausten 2016, men grunna sjukdom vart den utsett til 2017.

På Uksnøya har det truleg vore drift med gamalnorsk sau i fleire hundre år, om ikkje lenger, før nedlegging av drifta og fråflytting i 1958 gjorde at øyane grodde att. I 1993 starta drifta med gamalnorsk sau opp att, og mange besetningar på Sunnmøre har starta seinare opp med livdyr frå besetninga på Uksnøya. For ti år sidan starta ein opp att med lyngbrenning øyane, noko som har vore med på å føre øygruppa inn som A-lokalitet (svært viktig) i det nasjonale registeret Naturbase. På Uksnøya finn ein og eit rikt fugleliv med fleire sjeldne observasjonar og det eldste huset på Mørekysten som står på sin opprinnelege stad; ei gammal røykstove frå 1500-talet.


Foto: Daniel Fjørtoft




Villsaudrifta på Uksnøya er av den meir ekstensive typa, normalt utan tilleggsfôring, og der tilknytinga til havet og lyngbrenning er ein viktig del av drifta. Vi håper på ein kjekk og lærerik dag, med mange gode diskusjonar, historier og god mat.
For meir informasjon om Uksnøya, ta ein kik på http://www.villsausida.no/p/uksnoya.html

Program for dagen:
10:00     Avreise Brattvåg med skyssbåt (ca 30 min tur)
11:00     Velkomst, historieforteljing og markvandring
13:00     Matservering på tunet – fiskesupe og smørloff
14:00     Omvising på garden og villsaudiskusjon
16:00     Heimreise med skyssbåt til Brattvåg (ca 30 min)


Pris inkluder skyssbåt og mat: ca 450 kr per pers (pris kan variere litt, alt etter talet på reisande).
Det er også mogleg å ta båt ut sjølve, pris for kun mat er då 100 kr per pers.

Det er atterhald om at vêret er på vår side denne dagen.  Ved mange påmelde kan det vere at vi må sette opp fleire båtturar, noko som vil medføre litt ulike avreisetidspunkt.

Det er sjølvsagt mogleg å ta med følgje eller familie på turen, og ta gjerne med kikkert.

Ta turen då vel! Påmelding til Egil Kvalsund, post@kvalsundgartneri.no eller 95844930.
Bindande påmelding seinast 07.08.16.

Turen er open for NVL og Sunnmøre Villsaulag sine medlem. Om du ikkje er medlem, er det endå ikkje for seint å melde seg inn!

Foto: Daniel Fjørtoft

Kommentarer