Villsaudrift og tilgang til vatn - påminning om klippe-/røytekravet

Vi har bak oss ein periode med lite nedbør over store deler av landet, særlig så langs kysten av Vestlandet til Midt-Norge. På same måte som for barfrostperiodar om vinteren har dette ført til utfordringar og for nokre villsaubønder problem i form av minkande tilgang til vatn og i verste fall ikkje tilgang på vatn i beiteområdet.

Tørkeskade i marka, då er det ofte fare på fære - Foto: Daniel Fjørtoft
Det skjerpar krava til oss alle til å ha kontinuerleg oversikt over situasjonen og at dyra våre har nok tilgang til beite og fôr, og ikkje minst vatn. Dette skulle vere sjølvsagt for alle og følgjer av våre eigne vedtekter, men uansett forpliktande etter dyrevelferdslova og nærare omtale og presisert i «Forskrift om velferd for småfé» og der spesielt under § 20 om fôr og vatn, første og fjerde avsnitt: «Fôring av og beitegrunnlaget for småfé skal være tilstrekkelig og slik sammensatt at det dekker dyras behov for fôr og vann av god kvalitet, og de skal ha kontinuerlig tilgang til vann.» og «Fôr og vann skal lagres og plasseres slik at kvaliteten ikke forringes.»
 
Eg må derfor tilstå at eg i går vart noko forskrekka over ein telefon og spørsmål til Norsk villsaulag om kor vidt villsau (= gamalnorsk sau) treng tilgang til vatn når dei er ute på beite. Den aktuelle situasjonen var at ein bekk i eit innegjerda beiteområde hadde tørka inn, slik at villsauflokken som beita der, knapt hadde tilgang til vatn. I diskusjonen som hadde utvikla seg lokalt, var det fleire som hevda at villsauene ikkje hadde behov for tilgang til vatn når dei gjekk på grasbeite og at dei fekk den væske dei trengde gjennom graset. Dette skulle vere folk som sjølve hadde erfaring med villsaudrift.

Lat det vere tindrande klart: Dyra våre treng tilgang på vatn, og tørkeperiodar kan bli kritiske både for vasstilgang og for redusert tilvekst av beitegrunnlag. Ei oppfatning av at villsaudrift er lik frikopling frå ansvar for dyra og deira velferd, dokumenterer ein fundamental mangel på føresetnad for å kunne ha villsau i det heile. Innafor vår organisasjon er det eksklusjonsgrunnlag frå medlemskap. For husdyrhald i seg sjølv gir det grunnlag for straffereaksjonar med medhald i dyrevelferdslova og forskrifta om dyrevelferd for småfé. Jamfør det som er sitert i første avsnittet.

"Vatning" av villsau vinterstid - Foto: Daniel Fjørtoft
"Vatning" av villsau vinterstid - Foto: Daniel Fjørtoft
Det er likevel grunn til å understreke at når dyra har fritt val til beite og tilgang til store areal, har dei ei vanvittig fin nase til å finne både mat og vatn, men føresetnaden er at det finst innafor det arealet dyra har tilgang til. Det er alle dyreeigarar forplikta til å vite og ha oversikt over. For innegjerda område vil denne valgfridomen raskt verte innskrenka, meir til meir avgrensa arealet er, og då skal skal vi alltid vere på forskot med situasjon og utvikling. Lat oss derfor sleppe å få fleire telefonar av den typen som kom i går. Villsaudrift er ein tradisjonell og ypperleg måte å hauste av naturgjeven (og kultivert) produksjon, men dyra våre er ikkje i stand til å leve av ingen ting, og med det utgangspunkt som spørsmålet hadde, skal dyra ikkje eingong kunne leve av «luft og kjærleik» etter som kjærleiken til dyra syns å mangle. Då blir det i alle fall ingen ting å leve av.

Eit tilleggsspørsmål i same samtalen: Kva med klipping av dyra? I den aktuelle flokken gjekk fleire dyr med «fotsid kappe». Her er svaret frå Norsk villsaulag like kategorisk: Alle har plikt til å sjå til at dei vaksne dyra er fri ullfellen  frå og med midtsommars. For dei som har sjølvrøytande dyr (feller sjølv), er ansvaret å sjå til at dyra verkeleg er kvitt alt. For dei som ikkje har sjølvrøytande dyr, eller der røytinga berre er delvis og der gammal ull tovar seg inn i ny ull, er kravet at dyra skal klippast. For dei som har dispensasjon for utedrift etter § 18 i velferdsforskrifta for småfé, er kravet at dyra skal ha beskyttande ullfell til vern om vinteren. Skal dette kravet oppfyllast, må klipping vere fullført seinast 1. juli. Samtidig krev god dyrevelferd at dyra også får kvitte seg med ullfellen før sommarvarmen set inn. Klipping/napping/røyting skal altså tilfredstille to viktige omsyn for dyra: Unngå overoppvarming i sommarhalvåret og sikre fullvaksen ullfell for varme i den kalde årstida. Konklusjon: Det er eit ufråvikeleg krav at all gammalfell skal vere borte frå midtsommars av.

Alv Ottar Folkestad, leiar Norsk villsaulag - NVL

Kommentarer