Fredag 29. –
sundag 31. mai · Jelsa Hotell, Ryfylke
Det
er igjen tid for årsmøte i Norsk Villsaulag, og i år er det Haugaland
Villsaulag som er arrangør. Vi ynskjer alle medlemmar velkomne på Jelsa Hotel!
Vi ser fram til ei flott helg i Ryfylke med fagleg påfyll, sosialt samvær og
besøk hjå spennande lokale produsentar. Vi håpar mange tek turen og at
lokallaga vel delegatar – små og nystarta lokallag kan søkje NVL om
reisestøtte.
Program
for helga
Fredag
29. mai:
kl.
19.00 – Middag for dei som har bestilt.
kl.
20.00 – Prat om jordbruksoppgjeret og nye vektklasser o.a.
Laurdag
30. mai:
kl.
07.30 – 09.30: Frukost
for de som har bestilt rom (det er mogeleg å forhandsbestille for andre).
kl.
09.30 – 11.00: Årsmøte
i hotellets møterom.
kl.
11.00 – 12.30: Innlegg
ved Ove Stumo om Noregs internasjonale forpliktingar for kystlynghei, og kor
viktig villsauen og villsaubøndene er for å nå måla som er sette. Tema vert
også sett i samanheng med samfunnsberedskap, matberedskap og brannberedskap.
kl.
12.30 – 14.00: Lunsj
for alle møtande. NVL spanderer lunsj på alle medlemar (alle må tinga lunch i
god tid direkte til hotellet).
kl.
14.00 – 19.30: Me
besøker Landsnes Villsauprodukter og Fuglestein Frukt og Sideri.
kl.
20.00: Festmiddag
på hotellet for dei som har bestilt.
Sundag
31. mai:
kl.
09.30: Me besøker
Jelsa Jordbær.
Påmelding
og overnatting
Meld
deg på til post@villsau.no
Lunsj
på laurdag spanderer NVL på alle medlemmar som møter på det formelle årsmøtet.
Overnatting
og måltid: Alle må tinga rom og alle måltid (frukost,
lunsj, middag) sjølv direkte hjå Jelsa
Hotell – tlf. 404 42 846 eller post@jelsahotell.no. Oppgi at tinginga gjeld årsmøtet i Norsk Villsaulag. Bestille i god tid, for å være siker på å
få rom.
Spørsmål om
arrangementet: Jan
Magne Staurland, tlf. 916 06 409, jma-stau@online.no
Vel møtt til ei flott helg på
Jelsa!

Kommentarer
Legg inn en kommentar