For at du som vurderer å bruke semin skal få litt meir bakgrunnsinfo enn det som kjem fram i sjølve seminkatalogen, har vi samla litt info og bilete som kan hjelpe deg med å velje. Aukande sal av semindosar frå villsau gjorde at i 2024 vart det teke inn tre nye seminvêrar til seminstasjonen på Staur.
Sidan vi ikkje fekk laga til ein presantasjon av seminvêrane som vart teke inn i 2023, ligg info om desse lenger nede i saka!
Dei tre nye i år er Varmyrrampen frå Egil Kvalsund, Harley Buarø frå Kim Buarø og Otterå frå John Inge Vik.
Slik vert dei presanterte i seminkatalogen:
Varmyrrampen
Vêren er godt kjøtsett og har gode horn. Rasetypisk med fyldig manke og ragg, smekre bein og tørr hale. Spællengde som lam var 14 cm. Vêren røyter godt og har godt lynne. Mor produserer godt, og er blå av farge og er kolla. Driftsforma er utegang med tilleggsfôring om vinteren.
|
Varmyrrampen som lam |
|
Varmyrrampen som risbit |
|
Varmyrrampen som 2 åring |
|
Varmyrrampen som 2 åring |
|
Far til Varmyrrampen |
Harley Buarø
Denne karen er frå Skjærvøya på Fosen i Trøndelag av Buarø Villsau.
Harley er fødd som enkling og driftsforma til Buarø Villsau er utegang med tilleggsforing om vinteren.
Harley skilte seg tidleg ut i flokken som eit staslig dyr med ei flott haldning. Han har ein bra kjøttsett kropp, kraftige og vide horn med flott ragg og manke.
Han felle ulla sjølv, noko som både mor og far også gjorde.
Spælen er målt til 13 cm som vêrlam. Ein meget rolig vêr med eit utrulig godt lynne.
Harley har svært gode bein.
Sterke sider: ullfelling, sterke bein og vide horn
|
Harley Buarø |
|
Foreldra til Harley |
|
Harley i ulike alderar |
Otterå
Otterå er tvilling, og mora får alltid tvillingar og har svært god mjølkeemne. Ein nabo av John Inge brukte vêren i fjor, og han fekk fine lam med mykje fine fargar. Driftsforma er utegang med tilleggsfôring om vinteren.
Otterå kjem av ei slekt med svært gode ullfellingseigenskapar, der dei feller ulla tidleg. Sidan dyra som ikkje feller ulla tidlig nok må antan klippast eller nappast, kan dette vere ein viktig eigenskap å bruke i avlen.
Seminvêrane frå 2023
I 2023 kom det inn to flotte vêrar, Stolt Birkeland frå Ken Rune Birkeland og Pillartæet frå Arne og Camilla Grindheim.
Slik vart dei presanterte i seminkatalogen.
Stolt Birkeland
Vêren merka seg raskt ut som det beste/finaste lammet i besetninga i 2021.
Vêren røyta ulla heilt i 2023 og delvis i 2022.
Driftsforma er utegang med tilleggsforing vinterstid.
|
Stolt Birkeland |
|
Stolt Birkeland |
|
Stolt Birkeland |
|
Stolt Birkeland |
|
Stolt Birkeland |
|
Stolt Birkeland |
|
Stolt Birkeland som lam i lag med mora |
|
Vêren som lam |
|
Faren til Stolt Birkeland |
Som dokke ser er ikkje Ken Rune berre ein flink sauemann, men ein som verkeleg kan å fange dei flotte dyra med kameraet!
Pillartræet
Kommentarer
Legg inn en kommentar