Austevoll Villsaulag - Foredling av villsau i Austevoll

I villsaukommunen Austevoll har det til no vore vanskeleg for innbyggjarane som ikkje driv med villsau sjølv å få tak i kjøt til eige konsum. Men på Stolmen i Austevoll har villsaubønder og andre interessenter fått i stand eit slakteri i eit gammalt industribygg. 



I fyrste omgang er det vidareforedling av returslakt som står i fokus, og Austevollingane kunne glede seg over å få heimeprodusert  pinnekjøt til jul i 2016. Slakteriet tok i retur heile skrottar som vart partert; ribbene vart til pinnekjøt, det vart produsert litt fenalår og Bocuse D’or vinnar Ørjan Johannesen hos Bekkjarvik Gjestgiveri tok unna mykje ferskt.


Vill Vest er eit nytt prosjekt, men på sikt når tida er inne er målet å ha sjølve slaktinga i eige lokale.  I 2017 er planen i fyrste omgang å få pinnekjøt og lammelår klart til påske. Vill Vest har eigne nettsider med eigen nettbutikk. Ta gjerne ein kik! https://www.villvest.no/

For Austevoll Villsaulag,
Torunn Haukanes

Kommentarer

Legg inn en kommentar