Presentasjon av seminvêrane for 2021

Seminkatalogen for 2021 er ute, men sidan presentasjonen i katalogen er relativt kort, vil vi vise litt meir av dyra som er tekne inn for å gje deg som vurdere å bruke dei litt meir informasjon.

Først litt om semin

Norsk Villsaulag og Norsk Sau og Geit legg inn betydelege ressursar for å sikre inntak av gode seminvêrar. Det er ikkje alle som har moglegheit til å bruke semin, men også ved å kjøpe avkom etter semin er ein både med å auke interessa for semin. Semin er først og fremst er verkty for å sikre «nytt blod» på kryss og tvers av landet, noko som er ekstra viktig i ei tid der regiongrenser gjer det umogleg å hente hanndyr på kryss og tvers. Ingen vêrar «har alt», og du som skal velje bør ta med kva eigenskapar du er ute etter når du vurderer kva vêrar du skal bruke.

Presentasjon av Teigeramnen


Sjølv om denne vêren er ein ekte Kvalsund-gut, har den levd eit liv på Uksnøya der han har vore brukt i 2 år i ein flokk med fleire vêrar. Ein av hovudgrunnen til at han vart kjøpt som vêrlam var den flotte svartfargen, som også er noko av grunnen til at han vart teke inn til semin. Svart «metallic», eller ramnesvart, altso svart ull med god glans er skjeldan kost, og noko vi må ta vare på for framtida.

Han har også svært bra kjøtsett, og vil nok levere lam som klassar godt i dei fleste besetningar. Horna er funksjonelle, sterke og ikkje for tette, men kanskje ikkje dei flottaste estetisk sett, med litt tett krumradius og ikkje spesielt stor høgde. Røyter sjølv, har tørr hale som er godt innanfor rasestandard.

Den ser nesten litt lav ut på bileta, men kroppen gjer nok at det er lett å bli lurt, for den er målt til 66 cm i krysshøgde.

Viktigaste grunnane til å velje Teigeramnen: kjøtsetnad, farge og glans på ulla

Teigeramnen med sommarsveis
Teigeramnen som risbit
Teigeramnen lengst til høgre - seinvinter rett før ullfelling

På veg mot seminstasjonen

Presentasjon av Trumph

Trumph`n framstår som ein komplett vêr, med tilsvarande god bedømming i seminkatalogen. Vêren røyter og har tørr hale som er godt innanfor rasestandard. Har vore brukt i buskapen han kjem ifrå (Jan Magne Staurland), driftsform med foring og har synt seg som ein god vêr der. Vil truleg gje gode avkom også i andre driftsformer.

Viktigaste grunnane til å velje Trumph: ein flott rasetypisk ver som også kan gje gode slakt .










Kommentarer