I NVL er det plass for alle

NVL for alle - en suksesshistorie

Norsk Villsaulag har medlemmar i alle kategoriar; medlemmar som driv med gammalnorsk sau på heimejorda med vinterfôring, full vinterfôring innomhus, gammalnorsk sau i full utedrift og nokre få medlemmar som ikkje har sau i det heile. Nokre «har ikkje villsau fordi dei ønsker å ta vare på rasen som rein uteganger. Heller ikkje for å ta vare på lyngheia, men for å tjene penger – mest mulig».

I laget sin spede byrjing, vart Laget for Gammalnorsk sau og Norsk Villsaulag slege i saman til eit lag etter fleire år med felles årsmøter og aktivitetar.

Det at Norsk Villsaulag består av så ulik medlemsmasse, med tildels ulike mål og ønskjer, er ei utfordring for laget, men først og fremst ei styrke. Det at vi innbyrdes kan bryte meiningar og saman komme fram til politikk for laget fremover, er bra. Det er lett å forstå at ein vert glad i denne hardføre funksjonelle lille sauen som er fri frå mykje av dei problema meir framavla sauer har.

Norsk Villsaulag vart starta på Austevoll, med varemerket Norsk Villsau i fokus. Sjølv om sjølve produktet villsauslakt ikkje var ukjent i Bergensmarknaden, vart det no ført ein målretta marknadsføringsstrategi med fokus på at sauene gjekk ute i lyngheia heile året og ellers levde eit liv i full fridom. Varemerket Villsau vart patentert og NVL eig merket i dag.

Marknadsføringa førte til ei eineståande oppgang for både den gammalnorske sauen og for driftsformen. Internasjonalt er det ingen andre utrydningstruga landraser som kan skilte med tilsvarande suksess. Frå kring 2000 gammalnorske sauer på 1980-talet til truleg over 70.000 dyr i dag. I dag finn vi den populære stuttrova gamle sauen over alt i landet. Også på full innefôring i innlandet og med fjellbeite sommarstid. Mange har gammalnorsk sau for å skjøtte tidlegare slåttemark, halde jorda open på bruk der drifta er marginalisert.

I tillegg til at varemerket Villsau hadde ei særs positiv utvikling og marknaden var sugen på villsaukjøt, er årsaken til den store auken i villsaudrift at landbruket ellers har vorte svært marginalisert. Villsaudrift krev få investeringar og er ei velegna drift å drive attåt anna arbeid.
Dette betyr og at vi dessverre har fått ein del drifter utan skikkelig stell, tilsyn og kontroll med tal dyr i høve til areal. Her bør vi alle ta eit ansvar for å hjelpe til  eller å melde i frå til mattilsynet dersom tilhøva er kritikkverdige.


Svekka rykte

Utfordringane med den store og raske veksten i tal villsaudrifter/utegongardrifter er at varemerket har fått svekka rykte og at for mange driv utan tilstrekkelig kompetanse og eller arealer.
For varemerket sin del er det mykje forskjellig som i dag vert marknadsført som villsau. Det vert produsert såkalla villsau også frå innlandet. Rasen er nok gammalnorsk sau, men dei står inne på full fôring gjennom vinteren. Resultatet for «villsauslakta» som kjem inn er at dei har langt høgre vekt og er i større grad feite.

Det er naturlegvis heilt i orden om kven som helst vil halde den gammalnorske sauen på full vinterfôring. Dei flinke bøndene mellom desse vil etter relativt få generasjoner få fram ein god større sau med langt betre produksjonseigenskapar tilpassa ei slik drift. Dette er raskare å få til med den gammalnorske sauen enn med andre rasar med langt mindre genetisk variasjon. Den gammalnorske sauen har gjennom dei siste par hundreåra vore blanda med fleire importerte rasar.

I 1949 skriv Professor S. Berge at minst halvparten av sauene i landet er raselause. God sauedrift handler om å husholde med ressursane sine, bruke det ein har optimalt og tilpasse drifta og sauen til eigne ressursar. Slik har det vore i mange hundreår tidlegare  her til lands og slik er det hos dei fleste sauebønder ute i verda. Gammalnorsk sau er særskilt eigna til å tilpasse seg alle moglege regimer sjølv om det er langt igjen til at han kan konkurrere i avdrått med raser som har vore avla for maksimal avdrått.


Utfordringer ifm forvaltningsapparatet

Utfordringa til våre medlemmer kjem når forvaltninga skal døme kven av oss som skal ha rett til produksjonstillegg eller til i det heile få fortsette drifta. Då vert det vist til lammevekter, avdrått og resultat som vert henta frå resultat i sauekontroll eller med referanse til einskildbruk. Vi har for tida svært mange frustrerte og fortvila medlemmar og andre som tek kontakt. Her har kommunen eller mattilsyn gjeve brukarane melding om at deira produksjon ikkje er innafor «normal Landbruksproduksjon». Utgangspunktet myndigheitene hittil har referert til er basert på lite fagleg grunn. Dei har teke utgangspunkt i sauekontrollen sine tal for gammalnorsk sau.

Sjølv om forskriften tydeleg gjev rom for fagleg vurdering og at ein skal ta omsyn til driftsform, veit vi at somme tjenestemenn og -kvinner gjerne heldt seg til paragrafer og eksakte tal.

Det er kun 1,5 % gammalnorsk sau i sauekontrollen og av desse er det truleg mange som har gammalnorsk sau på innefôring. Uansett finnast det ikkje fagleg gode grunnar til å nytte tal frå sauekontrollen som fasit på kva som er «normal landbruksproduksjon» Både kommunar og mattilsyn har teke utgangspunkt i slaktevekter på 12 kg for lam om hausten. Regelverket seier at er produksjonen under 70% av det normale er det grunn til å gripe inn.

70% av 12 kg er snittvekt på 8,4 kg. For dei fleste er dette snittvekter heilt akseptable vekter dersom ein slakter alle lamma. Vi veit frå statistikk over mange år og frå Bioforsk sine forsøk at normal slaktevekt i snitt ligg på 10 kg. 70% av det er 7 kg.

Det burde vere sjølvsagt at forvaltninga ser på morvekt og hald, at lammevekta vert vurdert mot mors vekt og hald. Vi slakta 25 sauer i haust ;alle mellom 2 og 3 i feitt og snittvekta var 12,5 kg.
Når slike sauer gjev lam med snittvekt 10 kg er dette ein fint tilpassa produksjon til full utegang i lyngheia.

Utanom den klåre og alvorlege trusselen frå forvaltninga om «normal landbruksdrift» er incentivene til å produsere større slakt så sterke at svært mange no anten krysser inn meir kjøttfulle rasar eller fôrer med kraftfôr. Det siste er dessverre svært uheldig for lyngheiene, då nitrogenbelastninga der allereie er høg nok.

Desse sterke incentiva og låge kraftfôrpriser er vanskeleg på forstå i lys av dagens overproduksjon.
Den gammalnorske sauen sine mest verdifulle eigenskapar er at han kan produsere kjøt og ull på svært marginale ressursar. Slik er han ein eineståande verdifull genetisk ressurs for ei uviss framtid. Når vi i stadig større grad har fokus på auka produksjon og det ikkje lenger lønner seg å ha dyra på marginale utmarksbeiter, ja då går vi baklengs inn i framtida. Er det noko vi med
sikkerhet veit om framtida , så er det at den stadig mindre matjorda må brukast til å produsera mat for eit stadig aukande tal menneske.

Norsk Villsaulag har eit klårt formulert mål om å ta vare på den gammalnorske sauen som den eineståande sauen det er. Det er rikeleg av andre særs «produktive raser», både her til lands og utanlands. No er våre siste lyngheier kome på raudlista , dvs at dei vert rekna som utryddingstruga landskap. Kven skal skjøtte lyngheia om ikkje villsau kan vinterbeite og bonden brenne ?
Vi treng at de alle engasjerer dykk i å bruke ein stemme for å ta vare på vår eineståande gammalnorske sau og ein svært spesiell driftsform som no er truga.



Kommentar til forskrift om Produksjonstillegg: 

Vanlig jordbruksproduksjon :
Et grunnleggende vilkår for å kunne motta tilskudd etter forskriften, er at søker driver vanlig jordbruksproduksjon. Vilkåret skal vurderes for hele søknadsåret under ett, og i lys av hva som er normalt for den enkelte produksjonen som vurderes.

For å oppfylle vilkåret om «vanlig jordbruksproduksjon», må produksjonen ha et næringsmessig preg. Hvorvidt vilkåret er oppfylt, må vurderes ut fra et jordbruksfaglig skjønn. I vurderingen skal hver enkelt produksjon holdes opp mot en god agronomisk praksis og godt husdyrhold. Utgangspunktet for vurderingen av hva som er «vanlig jordbruksproduksjon» er at aktiviteter eller resultater skal ligge innenfor normalen for den type produksjon som vurderes. Ethvert avvik fra hva som regnes som vanlig, gir ikke nødvendigvis grunnlag for å avskjære tilskudd med den begrunnelse at det ikke drives «vanlig jordbruksproduksjon». Det må tas høyde for ulike driftsformer og normale variasjoner i driften.

Kommentarer