Årsmøtet 2018 - Endeleg og formell innkalling

Her kjem endeleg og formell innkalling til årsmøtet i Norsk Villsaulag.

Det står mykje spennandes på programmet. Eit av høgdepunkta vert tur til Horgo, der Lars Erling Horgen guidar. Lars Erling er ein av dei som kjenner historia til rasa best, og spelte ei avgjerande rolle for å berge rasa frå utrydding.

Frå årsmøtet 2017 på Sunnmøre - Dei frammøtte skuar mot Stadthavet. Foto: Daniel Fjørtoft

Endeleg og formell innkalling til årsmøtet i Norsk Villsaulag, jamfør vedtektene § 7.

Årsmøte i Norsk Villsaulag den 2. og 3. juni 2018

Austevoll Villsaulag er praktisk arrangør. Stad: Stangeland Gjestegard, Stolmen i Austevoll.

Program:

Laurdag 2. juni:

Kl 10.00 Status i Merkevaresaka – kva skjer og kvar går vegen
Alv Ottar Folkestad og Ove Stumo informerer
Debatt i salen

Kl 11.00 Årsmøte i Norsk Villsaulag
Sakliste i samsvar med vedtektene:
1. Godkjenning av innkalling og sakliste.
2. Val av ordstyrar, referent(ar) og to utsendingar til å skrive under referatet.
3. Årsmelding. Styret har ikkje stemmerett i denne saka.
4. Rekneskap og revisormelding. Styret har ikkje stemmerett i denne saka.
5. Innkomne saker.
6. Plan for kommande år.
7. Fastsetje kontingent og budsjett.
8. Val av styreleiar.
9. Val av to styremedlemar for to år, val av eitt styremedlem for eitt år (eitt medlem er ikkje på val).
10. Val av tre varamedlemar til styret i nummerrekkefølge.
11. Val av tre medlemer til valnemnd med leiar og nestleiar.
12. Val av revisor.

Kl 13.00 Lunsj

Kl 14.00 Fagdel

  •  Tema 1 - Ove Stumo: Ein lyngbrennars erfaringar. Korleis effektivt organisere lyngbrenning og kva kan resten av landet lære av det dei har fått til på Haugalandet
  • Tema 2 - Mattilsynet: Samarbeid og samspel. Kva er premissane for villsaudrift og korleis sikre eit godt samarbeid med Mattilsynet lokalt, regionalt og nasjonalt
  • Tema 3 – Daniel Fjørtoft: Korleis halde rasen rein. Endringar i tilskotsregimet og prisutvikling som bakteppe. Debatt leia av Daniel Fjørtoft og med Hilde Buer, Egil Kvalsund, Alv Ottar Folkestad m.fleire i panelet

Kl 1700 Vogga for atterføding av villsauen langs Norskekysten - villsaulandskapet i Austevoll, presentert av dei som berga rasen frå undergang. Tur og opplevingar i eit herleg øyrike med Lars Erling Horgen som guide.

Kl 2100. Middag på Stangeland Gjestegard.
Kostnaden knytt til mat vert dekt av den enkelte direkte til gjestegarden.

Søndag 3. juni:
Kl 10.00 Besøk til John Inge Vik sitt anlegg i Vik eller Tore Hufthammar på Hufthammar
Villsaudrift i praksis i aktivt jordbrukslandskap i Austevoll.

Kl 13.00 Takk for denne gong – vel heim!
Pris måltid: Lunsj: Kr. 300,-. Middag + dessert: Kr. 500,- Vin og øl kan kjøpast utanom

Påmelding:
Frist for påmelding til årsmøte, middag og lunsj: 24. mai

Send e-post til torunnhauk@gmail.com


Overnatting:

Overnatting på Stangeland Gjestegard på Stolmen (møtestaden):
Tlf 40309960
Dei har kjøkken til bruk for overnattingsgjester
Dei har ledig eitt dobbeltrom med bad kr. 1000,- pr. natt, og 2 dobbeltrom utan bad kr. 500,- pr. natt.

Overnatting privat i Husavik ved Husavik ferjekai:
Kontakt Torunn Haukanes, tlf. 90101177
3-4 leil. Med 2-4 sengeplassar pr. leiligh.

Kommentarer