Sunnmøre Villsaulag: Villsaudag Laurdag 8.oktober

Sunnmøre Villsaulag har gleda av å invitere til villsaudag på Kvalsund, laurdag 8. oktober frå kl 11.00. 


Vi møtast på Kvalsund Gartneri for fagprat og vurdering av værlam/risbitar. Ta med aktuelle dyr og fyll ut buskaps -og individopplysingar i vurderingsskjemaet så langt som du kjenner til. I år vert det også kåring av andre smårasar i Nsg. regi . Dei av Gns. buskapane som er med i husdyrkontrollen, kan melde inn dyra til kåring der og få det offisielle lilla kåringsmerket. Det vil verte ei kåringsavgift pr. godkjent dyr, kr. 100 for dei med offisiell (lillamerke ) og kr. 50 for dei andre. Påmelding til post@kvalsundgartneri.no eller ring 95844930.

Vi tek oss tid til ein kaffikopp og ”drøs.”

Velkomen til ein triveleg dag!



Egil Kvalsund,
Leiar Sunnmøre Villsaulag

Kommentarer