Villsau i vinterlandet - dramatikk i villsaudrifta

Leiar i Norsk Villsaulag, Alv Ottar Folkestad, deler litt av eigne erfaringar rundt utfordringar ein kan kome bort i, i denne rapporten frå villsaudrifta hans på Sunnmøre. 

 

Etter slakting og paringstid roa tilværet seg ned til det rutinemessige for villsauflokken etter som dagane vart korte fram mot solsnu. Dyra bar med seg ein sommar av beste slaget i form av runde ryggar og tette fellar og dette kom vel med etter kvart som vinteren synte seg som ein vestlandsvinter av det gamle slaget. Kort veg frå sønnavind og regn til nordvest og nordaver med snøbyger langt ned i fjella og til slutt heilt til sjøs. For så å snu mot søraust og fønvind med sommartemperaturar over ein dag eller ei natt før det kom ny runde med vind og regn og til slutt ei ny snøbyge etter at den snøen som kom sist hadde forsvunne like fort som han kom. Med andre ord like vekslande i temperatur som i vind og nedbør. Og med nyåret passert vart han sanneleg meir spandabel også med snøfall og kuldegrader. Men stort sett ikkje meir enn at dyra kunne skjøtte sitt, trekte meir inn i skogbotnen der tilgangen på lyng og grønt ikkje var alt for mykje hindra av snø sjølv om det var gode halvmeteren med snø i ope lende.

Det gav opptakta til drama nr. 1, 20. januar 2016:

Ørnhild - Foto: Alv Ottar Folkestad

På heimveg frå tidleg frisørtime og med presentabel nakkestuss møtte eg saueflokken i tettpakka formasjon midt på vegen nær heime, i same område som dei beita på lyng og gras og kvist då eg reiste heimanfrå. Alle dyra vende same veg og med augo nagla mot eitkvart i den retninga. I det eg stogga bilen og såg til sides, letta ei kongeørn frå ei opning mellom ungfuruene og drog seg med tunge vengeslag opp i lufta og sigla seg unna, rundt 20 meter frå vegen. Dyrespor med vengeslagmerke rundt gav lite tvil om kva som hadde gått føre seg, og eg var ute av  bilen i neste augneblink og vassa gjennom snøen fram til der ørna letta.

Ulldottar og blod i snøen gav dårlege odds, men då eg kom fram til dyret og fekk betre oversikt, blinka det likevel i liv frå auget på sauen som låg halv nedgraven i snø. Ei rask handfaring gav ikkje alt for mykje håp, begge øyrene var klipte av og med blødande sår. Langs ribbesida såg huda ut til å vere skrelt av der ulla var ribba i eit stort felt. Med manglande øyrer var der ingen øyremerke, men sauen var likevel kjennbar nok på horn og andletsmønster, ei halvtanna års gimmer og ikkje større enn at ho var lett i ta i fanget og bere til lasteromet i bilen. Telefon til veterinæren i Ulsteinvik. Ikkje lenge etter var vi på veg dit, og under vegs vakna nok livslysta hos den skadde som kom seg på beina og heldt seg slik til fagmannen kunne ta ein betre sjekk. Og under over under: Øyrene mangla rett nok, berre tjafsar var att rundt rota, men nærare undersøking synte ingen livstrugande skade der. Heller ikkje på ribba, som var snauplukka for ull, var det anna enn skrubbsår i huda, langt frå så alvorleg som det syntest i starten.

Enden på turen til veterinæren var ein god dose med antibiotika og porsjonssprøyter for ei lite veka framover og pussing av kuttkantar og sårområde rundt øyrer og bak bogen. Deretter avtale om oppstalling i ein kalveboks i kvigefjøset hjå bror min si familie for ei rehabiliteringsperiode.

Etter halvannan månad med kvigeflokken som sosialt substitutt var dei akutte skadane grodde og den stakkars gimra fekk returnere heim til saueflokken i eit langt meir vårleg landskap enn då dramaet stod på. Litt stivbeint i starten i mangel av fri mosjon under skadeopphaldet, men det tok ikkje lenge før ho kjende seg heime, og då saueflokken kom i møte, var det full fart inn blant gamle vener og slektningar. Litt merkeleg lukt bar ho nok med seg, men ikkje verre enn at under foringa like etter  var ho ivrig deltakar midt i flokken, og i dagane etter var det lite som åtferdsmessig fortalde om «nær-døden-opplevinga» ho hadde hatt ikkje så mange vekene før. Men mangel på øyrer kunne ho ikkje gjere så mykje med. Eit særdrag som vil følgje henne livet ut og heile tida vere eit minne om hendinga som også gav henne eit sjølvsagt namn. Ørnhild vart ho heitande, og det vesle, spirande livet ho hadde innabords, det var der framleis då ho kom heim att. Så får tida vise kva som openberrar seg i det.

Søndag 13.mars var vi komne til drama nr. 2:

Ein telefon frå næraste granne gav melding om ein sau som hadde gått seg fast i myra. Dyret var drege opp, men var ikkje i god forfatning. Rask utrykking og ikkje alt for langt unna. I lyngheia er det berre ei botnlaus myr med flytetorv, og etter at snø og frost var borte, var det ingen ting som bar der. Eit reint tilfellet ville at folket hadde fått auge på den stakkars ungvéren. Berre hovudet med horna og halsen bak til bogtoppen var synleg over vatnet i det gjørmeholet han hadde plumpa i. Véren var sant nok berga på land, men mykje liv var der ikkje. Greidde ikkje å halde hovudet opp sjølv, og føtene var like makteslause. Det var lite tvil om at det framleis stod om livet.


Ei provisorisk båre i form av ein samanlagd sol-stol fekk duge, og etter ein transport gjennom uryddig lynghei fekk véren puste ut inne på eit engstykke omkransa av skog. Etter å vorte tørka og massert, var det ikkje verre enn at han greidde å kravle seg litt rundt på kne og tok også til seg av mat, men det var likevel ikkje tvil om at her var det behov for innadørs oppvarming.

 

Tur i trillebåre og deretter plassert på eit varm badegolv vart neste etappe, og endeleg kunne stakkaren finne seg sjølv att. To minutt etter at han kjende varmen under seg, var han i gang med jortinga. To timar seinare stod han endeleg på føtene, og ytterlegare ein time til, så bles han i nasen og trampa først med eine framfoten, deretter med den andre. Var ein vér så var ein  vér og då fekk ein bere seg åt som ein også. Med ytterlegare ei natt innadørs tok han godt til seg av godsaker han vart boden om morgonen før han fekk fridomen tilbake i mildt vårvér, fann att flokken sin, men heldt seg kledeleg i bakgrunnen seinare på dag. Gårdagens drama var framleis litt for synleg med pjuskete og skiten ullfell. Det trengs nok nokre dagar før slike spor vert borte.

To hendingar som begge ligg innafor det ein må rekne med kan hende med dyr på beite, somtid på innmark, kanskje oftare i utmark. Kongeørna er innafor rekkevidde heile tida, heile året, men på 20 år med utegangardrift har dette likevel ikkje hendt meir enn fem gonger. To gonger med nyfødde lam sjølv om fleire hundre lam har vorte fødde, alle utadørs, to gonger med årslam på etterfølgjande vinter, og denne gongen med eit ungdyr i djupsnøen, alle gongane i kombinasjon med situasjonar som har gjort dyra sårbare. Denne gongen vart dyret berga fordi eg tilfeldigvis kom forbi innafor dei få minutta som var på rett side. På same måten som at grannane mine tok søndagsturen sin akkurat på det tidspunktet og gjekk akkurat den stien denne dagen og hadde augene med seg. Det var ikkje tilfelle  den dagen for mange år sidan som ein  sau, ein avlsvér og eit verlam vart borte. Terrenget vart tråla frå ende til annan, både med folk og hund i fleire dagar utan resultat, men først etter ein månad då snø og is tina bort, fann hunden min tilfeldig dei arme tre dyra, drukna i ei overgrodd torvgrav, akkurat stor  nok og djup nok til at dei tre dyra som hadde hamna der, ikkje hadde sjanse til å kome seg opp att og djup nok til at dei drukna. Tydelegvis offer for sine drifter i brunsten då den attraktive søya hadde dumpa i gropa og dei to verane openbert hadde jumpa etter. Berre horna på den eine véren viste så vidt i vass-skorpa og vart oppdaga av ein velfungerande hundenase. Nokre gonger er det farleg kort veg mellom liv og død, og ofte slumpetreff som avgjer resultatet.

Alv Ottar Folkestad

Kommentarer

Legg inn en kommentar