Årsmøte NVL 2019

INNKALLING TIL ÅRSMØTE I  NORSK VILLSAULAG  1-2 JUNI 2019

Stad:  Værlandet i Askvoll kommune

Sakliste:

1. Godkjenning av innkalling og sakliste. 

2. Val av ordstyrar, referent(ar) og to utsendingar til å skrive under referatet.

3. Årsmelding. Styret har ikkje stemmerett i denne saka.

4. Rekneskap og revisormelding. Styret har ikkje stemmerett i denne saka.

5. Innkomne saker.

6. Plan for kommande år.

7. Fastsetje kontingent og budsjett.

8. Velje leiar i styret.

9. Velje to styremedlemar for to år. To er ikkje på val.

10.Velje tre varamedlemar til styret i nummerrekkefølge.

11. Velje tre medlemer til valnemnd med leiar og nestleiar.

12. Velje revisor.

Saker som ønskes behandlet på årsmøte, må være styret i hende FEM UKER før årsmøtet.


Velkommen til årsmøte og til mykje god sauedrøs på Værlandet hos HIlde Buer og Anders Braanaas.

Vi skal vandre i lyngheia og se på lyng i alle aldre.

Vi skal helse på søyer med lam, på gimrer og risbitter.

Ove Stumo skal fortelle om organisering av lyngbrenning og vise fram relevant utstyr.

Kanskje får vi med ein veterinær til å snakke om mineral og vitaminer til gammalnorsk sau.

Her er fleire høve til overnatting, på nydlelig hotell med utsikt til solnedgangen eller til rimelegare overnatting på gamleskulen.

Send påmelding så snart som råd til Hilde Buer på epost: hilbuer@icloud.com

Overnatting må de sjølve bestille: https:// destinasjonvest.no/

Vi må planlegge mat og overnatting til alle, så dess før de melder dykk, dess betre opplegg.

Kommentarer

Legg inn en kommentar