Er det råd å få fleire villsaulam i O+?

Her kjem nokre tips til dei som driv med gammalnorsk sau i full utegang på lynghei, dvs villsaudrift.


Først og fremst må ein vere klar over at levandevekt hos vaksne dyr har nær samanheng med slaktevekt og klasse på lamma. Våre sauer har slaktevekter på 11-16 kg. Det er god avdrått når lammeslaktet veg like mykje som mor si !

Dersom ein tilleggsfôrer store deler av vinteren eller sluttfôrer lamma, bør det vere rimeleg greit å oppnå O+ klasse på lamma.

På rein villsaudrift er det langt vanskelegare og meir samansett om ein får så gode klassar på slaktelamma. Har ein særleg gode beiter, slik mange har på Helgeland og i Lofoten, kan mange av lamma oppnå gode klassar utan noko ekstra fôring.

På Vestlandet er mange av beitene langs kysten relativt fattige og det er vanskelig å oppnå god klassifisering. Utan tilleggsfôring vil det for dei fleste vere vanskeligare å oppnå klassse O+ på lamma. Dessverre er det også slik at klassinga på slakteriet varierer litt, noko som ikkje er så rart når ein klassifisør klasser alle slags lam. Har vedkommande klassa hundrevis sv NKS-lam eller texellam, og kanskje klassa dei minste noko strengt, vert det vanskelig å gje flotte villsaulam den klassa dei fortener. Vi har levert slaktelam i tjue år og er vane med å velge ut lam til slakt. Vi erfarer at lamma i fjor var dårlegare enn i år, men llikevel vart klassa betre. For oss vart det ei stor overasking at lamma ikkje vart klassa betre i år.

Tiltak( i uprioritert rekkefølge) ein kan setje i verk for å få betre klassing på slaktelamma:

1    Gjer strengt utval på mødre: Nokre søyer mjølkar for dårleg. Dette kan vere dyr som er for kravstore for full utegang. Dette er søyer som ikkje får vise sitt potensial fordi dei rett og slett ikkje klarer å få i seg nok fôr i lyngheia. Hos oss har vi tekje ut fleire slike «slåkete» søyer. Gjerne dyr med litt dårleg rasepreg, lang rygg, store øyre eller lugg. Dette er søyer som ligner kryssingsdyr og som nok vil gjere det betre i ein flokk med tilleggsfôring.

2    Syt for tilstrekkelig med mikromineralnæring. I mange distrikt frå Statt til Austevoll er det koboltfattige beiter. Då treng dyra ekstra kobolt for å vekse normalt. Tilskot av kobolt har vist seg å kunne gje høgare snitt slaktevekt på lamma, og slik betre klassing. Hos oss legg vi ned bolus på alle dyr seinhaustes og før lamming. Vi gjev bolus med kobolt, kobber, selen og jod.(Animax har høg kvalitet på sporstoffa , små bolus som er lett å gje)
Nok sporstoff heldt dyra friskare, meir fruktbare og dei utnytter fôret og beitet betre.

3    Ha lamming til rett tid ! Dette er den viktigaste faktor for dyreetisk god villsaudrift. Når søyene nærmer seg lamming er trongen for protein og energi på det høgaste. Då må det vere grønt gras i beitene. Då monnar det ikkje med berre lyng og gammalt halkvgras eller vissent gras. Får søya for lite fôr i denne tida, vil ho aldri få optimal mjølkeproduksjon og lamma hennar vil ikkje bli slaktemogne om hausten. Får søya for lite fôr denne første tida, hjelper det lite om ho får det betre seinare. Då vert mjølkeproduksjonen innstilt på sparebluss og kjem aldri skikkelig opp.

4    Unngå lammeparing. Lat saulamma få bli store før dei sjølv skal gje lam. Gammalnorsk sau veks i heile 5 år !  Får saulamma gå eit år ekstra før dei vert mødre, produserer dei langt betre gjennom sin livssyklus. ( Her skil det seg også frå buskap med vinterfôring, her kan saulamma gje bra avdrått om dei får god fôring)
I full utegang vil saulamma normalt lamme eit par veker seinare enn dei vaksne, lammelamma vert seint fødde og mødrene mjølkar ikkje så godt fordi dei sjølve skal vekse. Slik vert både haustlamma  og ungsøyene mindre. Beitene må vere særleg gode for at ungsøyene kan ta seg opp att etter lamming første året.

5    Ta vêramma i frå flokken tidleg. På hausten vert sauene gjerne litt urolige i beitene, dei vandrer mykje på jakt etter godsaker i utmarka. Vêrlamma slost mykje og det vert travelt å følgje mor og samstundes slost. Dessutan slost vêrlamma langt mindre om dei kjem på eigne beiter i september. Det er heilt greit å skilje vêrlamma frå dei vaksne når dei er vel 4 månader gamle.

6    Snylterbehandling. Bruk middel mot innvortes og utvortes snyltare i dialog med din lokale veterinær. Det er nyttig å ta avføringsprøve for å sjå kva ein har av snyltere i flokken og såleis kunne gje rett behandling. Bruk medisin etter anvisning og pass på å dosere rett     slik at ein kan unngå resistensutvikling.  Det er grunn til å vere på vakt mot leverikter.

7    Dersom ein opplever å miste mykje lam (over 5 %), bør ein leite etter årsak til dette. Det er ofte ein samanheng mellom lammetap og slakteklasse. Det kan vere for dårlige beiter, for mange dyr i beitet eller det kan vere sjukdom. I tillegg til sporstoff bolus har vi hatt stor nytte av å vaksinere mot clostridium. Vaksinen gjev færre sjuke lam, mindre halthet og mindre lungebetennelse.

8    Bruk gode vêrar. Vel avlsvêrar som har god tett kropp, gode lår og god rygg.
Det er store genetisk skilnader på dyra når det gjeld kjøtsetnad. Ein bør vite meir om vêren, er han godt kjøttsatt fordi mora vart tilleggsfôra, eller har vêren sjølv vore fôra for auka vekt ? Dersom Driv ein full utegang, ønsker ein seg verar som gjev god kjøttsetnad frå utmarka utan tilleggsföring. Ein ønsker dyr som vert feite nok om hausten til å klare seg godt gjennom vinteren!
Men medvite utval av kjøtsette vêrar kan gje betre klassing på lamma.

9    Det er vanskeleg å få tvillinglamma slaktemogne og i god klasse. Ein kan avle for einstaka lam ved å bruke vêrar og avlssøyer som sjølve er fødde einstaka. Sjølve unngår vi å bruke tvillingvêrar i avlen fordi vi helst ikkje vil ha tvillinger. Slik kan ein tenkje når ein ikkje har kostnader med fôr gjennom vinteren. Så snart ein fôrer, må denne kostnaden vere med i vurderinga kring lammetal.

10    Dei som er kjende i Storbritania veit at bruksdyrkryssing er svært vanleg. Dei hardføre, små og funksjonelle »Uphillsøyene», er ettertrakta mordyr i meir intensiv drift i låglandet. Dersom ein ønsker fleire av lamma sine i høgare slakteklasse, kan dette vere ein aktuell strategi. Men NB ; ein må slakte alle kryssingsdyr og syte for at ein avler reine GNS avlsdyr til eigen rekruttering.
Skulle eg velgje kjøtsett vêr til eigen buskap, hadde det blitt ein islandsvêr. Når lamma fødest ute i all slags vêr er det avgjerande at dei vert fødde med god fødselspels.








Med helsing Sørværet Villsau ved Hilde Buer

Kommentarer

Legg inn en kommentar