Årsmøtereferat for Norsk Villsaulag 2018



Helga 1.-3. juni vart det arrangert årsmøte i Norsk Villsaulag. Denne gongen var det lokallaget i Austevoll som stod for arrangementet. Staden var Stangeland gjestegard på Stolmen i Austevoll.

Til tross for strålande sol, starta møtet innandørs. Då er det greitt at møtelokalet var sopass spesielt, og det var nesten slik det var verdt turen åleine. Frammøtet frå dei lokale var ikkje det heilt store, men det var gledeleg at det kom ein del tilreisande.

Lars Erling Hogen ( i midten) fortel om Horgo - Foto: Daniel Fjørtoft


Alv Ottar Folkestad og Ove Stumo stod for første post på programmet. Dei informerte om status i merkevareprosjektet. Det var debatt i salen, og styret fekk innspel til korleis dei bør arbeide vidare i saka.

Ove inspirerer dei frammøtte med sitt innlegg om lyngbrenning - Foto: Daniel Fjørtoft



Neste post var det formelle årsmøtet. Alv Ottar Folkestad (leiar), Daniel Fjørtoft (nestleiar) og Torunn Haukanes (styremedlem) hadde alle takka nei til å ta gattval. Alv Ottar hadde vore seks år i styret, dei tre siste som leiar. Daniel Fjørtoft har vore i styret i 4 år, og hatt ulike roller, mellom anna sekretær, webredaktør og nestleiar. Torunn Haukanes har hatt permisjon frå styret. Det var knytt ei viss spenning til kven valnemnda hadde fått til å tre inn i styret, sidan det var fleire som måtte erstattast i same runde. Heldigvis var det gode namn på blokka, og dei frammøtte kunne konstatere at ting var i dei beste hender for framtida.


Alv Ottar Folkestad mottek ei lita helsing for arbeidet han har lagt ned. Daniel Fjørtoft til høgre


Dei frammøtte fekk so nyte ei nydeleg fiskesuppe til lunsj, før det var duka for fagdelen. Først ut var Ove Stumo, som har vore primus motor i Haugaland Lyngbrennarlag. Han heldt eit flammande innlegg om viktigheita av lyngbrenning, og korleis ein kan organisere arbeidet. Vi trur alle i salen vart både imponerte og inspirerte.

Neste ut var Olav Tørresdal frå Mattilsynet. Han gjekk igjennom både premissane for god villsaudrift og korleis ein skal sikre godt samarbeid med Mattilsynet. Det var god diskusjon i salen, mange spørsmål vart stilt og erfaringar delt.
Olav Tørresdal mottek ei helsing frå NVL - Foto: Daniel Fjørtoft

Avsluttinga av fagdelen var det Daniel Fjørtoft som stod for. Han leia ein paneldebatt med tema «Korleis halde rasen rein. Endringar i tilskotsregimet og prisutvikling som bakteppe.» Paneldebatten gjekk føre seg i solveggen, og i panelet var Alv Ottar Folkestad, Hilde Buer og Lars Erling Horgen.  Dette vart ein interessant diskusjon, som kunne fortsett utover kvelden om ikkje tida gjekk frå oss, men no var det duka for tur ut til Horgo. Etter standsmessig skyss i fantastisk vêr, gjekk vi i land og fekk omvising av Lars Erling, som har drive med villsau på øya i mange år.

Etter at omvisinga var avslutta, gjekk turen tilbake til gjestegarden for middag. Her fekk vi servert nydeleg middag. Villsaupraten gjekk langt utover kvelden før folk måtte bryte av, sidan ein skulle rekke både program og heimreise søndagen.


Kulturlandskap på Horgo - Foto: Daniel Fjørtoft

Søndag var det tur til Jon Inge Vik, som truleg har fleire villsauar enn nokon annan i landet. Det eksakte talet fekk vi ikkje ut av han,  men det er nok firesifra. Vi starta med å ta ein kik i den nye driftsbygninga, før vi fekk kika på fleire beiteområder og dyr. Før vi reiste kvar til vårt, kunne vi berre konstatere at dette vart eit kjempeflott arrangement, og at Austevoll var ein plass vi gjerne ville sjå meir av.

For meir info  og bileter frå årsmøtet, ta ein kik på reisebreva mine frå årsmøtet! Del 1 og 2 er ute, og kan lesast ved klikke her:

Då gjenstår det berre for meg å takke for følgje, og ønskje det nye styret lukke til i arbeidet.

Daniel Fjørtoft
Avtroppa nestleiar og nettredaktør

Årsmøtetdelegatar nyt utsikta - Foto: Daniel Fjørtoft


Kommentarer