Kva veit vi om den typiske gamalnorske sauen (villsauen)?

Hilde Buer si bok «Villsauboka» gjev ein grundig gjennomgang av opphav og utvikling av sau og sauehald i Norge gjennom 4-5000 år fram til import av og avl med langhalesau heldt på å rydde ut den gamle, norske sauetypen  for nokre ti-år sidan. Historia i full samanheng er  å finne der. Likevel vert stadig reist spørsmål om kva vi veit og kva som er dokumentert gjennom fotografi eller på annan måte, om korleis sauen eigentleg såg ut i tidleg utgåve, og kva som er rett eller rangt av meir eller mindre populærframstillingar om kva som er den typiske gammalnorske, samstundes som det vert understreka kor viktig det er å ta vare på heile variasjonsbreidda av arvelege eigenskapar frå gammalt av. Slike spørsmål dukkar opp på nettsidene, mann og mann imellom når folk møtest i villsaumiljø, og ikkje minst no når det har vorte utarbeidd ein rasestandard som kan jamførast med andre rasestandardar.

Frå Holtsmark 1897.


Litt omkring historia om sauehald i Norge:
Det er stort sett semje om at den norske varianten av nordeuropeisk korthalesau er av dei mest intakte med tanke på arven frå den sauetypen dei første husdyrhaldarane hadde med då dei kom med flokkane sine på sein steinalder. Nest etter soay-sauen på St. Kilda er vår rekna som den mest opphavlege. Det gjeld ull-fellen som i tillegg til å vere 2-lags med botnull og dekkull, også har manke og ragg av grove hår, saman med varierande innslag av dyrehår på resten av kroppen som ei slags armering for struktur i ull-fellen. Gamalnorsk sau felte fellen på seinvår/føresommar og sytte sjølv for korthåra fell sommars tid. Gammaltypen var truleg lite endra i sine særdraga fram til 15-1600-talet, sjølv om det kunne vere ulike tradisjonar i ulike område for prioritet på kjøt og andre slakteprodukt, ull eller mjølk frå sauen.

Langs Middelhavet kom langhala sauetypar til sørvest-Europa (Spania) og seinare Storbritannia, nokre ull-rike, andre  kjøtfulle, og skapte grunnlag for kvantumsproduksjon av ull og kjøt. Desse fann etter kvart vegen til Norge som ein del av den industrielle revolusjonen. Over ein periode på rundt 100 år vart sauehaldet i Norge radikalt endra, og på slutten av 1800-talet og ved århundreskiftet melde Bernt Holtsmark og Jon Sæland at det var vanskeleg å finne reine besetningar av det dei kalla «gammelnorsk sau» eller «gamal norsk sau». Berre på avsides stader langs kysten, særleg i Nord-Norge, fanst det enno relativt reine saueflokkar av gammal type, saman med nokre få  stader i innlandet. I 1912 vart det etablert avlsstasjon på Hidle, Rogaland og i Valle, Setesdal for å ta vare på restar av gamletypen. I mellomkrigsåra poengterte Holtsmark at det «etter sigende» skal vere viltlevande flokkar av gammal sauetype på enkelte øyar i Sunnhordland. Opplysningar om gamletypen finst hos andre og, som t.d. Johan Schumann på Vestlandet, men gjerne då folk som hadde meir fokus på å «forbetre» sauetypen enn å ta vare på opphav og eigenskapar. Også avlsstasjonane på Hidle og Valle utvikla seg i den retning og vart utgangspunktet for moderne spelsau, sjølv om dei etter kvart også tok vare på gammaltypisk spelsau (gammalnorsk spelsau). Den verkelege gammalnorske sauen, villsauen, vart ikkje berga gjennom desse avlsstasjonane, men først etter ein  innsats på 1950-talet og seinare på 1980-talet, nettopp gjennom dei siste restane av det som ikkje heilt rett vart kalla «forvilla» flokkar i Austevoll. Dette vart frå 1980-talet grunnlaget for den ekspansjonen vi har vore vitne til av gamalnorsk sau og tradisjonelle driftsformer (villsaudrift) med heilårs utegangardrift, i forskrifter kalla «utedrift» (§-18-drift) til skilnad frå ein  variant med utadørs foring og tilgang på husdyrrom (§-17-drift, «utegang»). Når vi no har rasestandard og raselag for tre norske sauerasar innafor den gruppa Jon Sæland i si tid kalla stuttrover, der gammalnorsk sau og gammalnorsk spelsau for mange synest å vere til forveksling like kvarandre, er det ikkje til å undrast at mange etterlyser bilde for å kunne sjå kva som skal vere den typiske utgåva av dei ulike rasane, og korleis ein kan skilje detaljar og særdrag frå kvarandre. Vi må derfor på ulike måtar søke i det som er skrive om sau og sauedrift i eldre litteratur, og legge til illustrasjonar og fotografi som meir objektiv og handgripeleg dokumentasjon.

Tidlege skrivne kjelder er få. Erik Pontoppidan nemner sau og sauehald i 2. band av boka si «Det første Forsøg paa Norges naturlige Historie: forestillende dette Kongeriges Luft, Grund, Field» frå 1753. Han såg lite skilnad på sauene i Norge samanlikna med Danmark. Allereie på det tidspunkt blei det av og til tatt inn sau frå England for å kryssa på norske sauer, men effekten blei borte etter 2-3 generasjonar. Han refererer Petter Dass om at det var mykje villsau på øyar og holmar i Nordland, der dei gjekk ute heile året, og at dei blei fanga inn for å nappe ulla. Spesielt blir det kommentert at desse sauene hadde eit spekklag som dekker kroppen på ryggsida som eit  vern mot varmetap. På Sunnmøre har presten Hans Strøm i sitt verk om Sunnmøre frå 1762 ein summarisk omtale av sauehald, som etter hans skildring var relativt beskjeden i høve til geit, men at det var vanleg å blande sauemjølk i geitemjølka for å ta bort den skarpe smaken av geitemjølka. Ut over dette skildrar han ei rekkje utfordringar for sauedrifta, særleg vind og kjøleg ver på  våren, problem med sjukdom og parasittar, og at bratt terreng skapte stor problem for sauedrift i høve til geitehald, men han nemner ingen ting om driftsformer eller sauetype.

Lite kunnskap er tilgjengeleg det neste hundreåret fram til slutten av 1800-talet. Då kom Bernt Holtsmark sine opplag av "Husdyrlære" frå 1897 til 1951 (12 utgåver), og seinare to av Jon Sæland sine bøker om saueavel, første frå 1918 og den andre frå 1943. Bildematerialet er ikkje det beste, og ein del av fotografia er tydelegvis heller ikkje representative for den opphavlege typen, men etter kvart meir frå den fram-avla, moderne spelsauen. Interessant nok kommenterer Bernt Holtsmark allereie i si første utgåve at den gamle norske korthalesauen var på veg ut og var vanskeleg å finne i rein og upåverka type anna enn i avsidesliggande kystbygder og enkelte stader i innlandet. I sine siste opplag peikar han likevel på at det skal vere att forvilla og lite påverka flokkar av gammal type på nokre av øyane i Sunnhordland. Interessant er det også at både han og Sæland kommenterer restar av den gamle sauen langs kysten av Nord-Norge ("sjøvottsauen") og i Finnmark ("samesauen"). I Aust-Finnmark heldt denne tradisjonen seg heilt til innkryssing av langhalesau på 1950- og 60-talet viska ut den gamle typen også her, jamfør Jorunn Jernsletten si bok "Tradisjonelle produkter av sau i Unjárga/Nesseby". Sjølv hugsar eg skræmande forteljingar frå foreldra og besteforeldra våre om at folk i gamle dagar «reiv» ulla av sauene med makt, ikkje klipte dei, og at det den gongen var små, magre og dårlege dyr. På 1950-talet kom ein av grannane våre heim med ein liten, blågrå og horna sau med kort hale. Han blei kalla spelsau av «gamletypen», men i minnet mitt likna han nok mest på gammalnorsk (villsau). Kryssa med kvitsau (sjeviot den gongen) vart dette berre eit ekslusivt innslag som vart borte med dette eine dyret, og grannen vår fekk seinare tak i nokre «vanlege», kvite, sølvhåra spelsauer som ein del av sin flokk som den første i bygda.

Bilde frå Jon Sæland 1918

Dei første illustrasjonane i dei nemnde bøkene er ikkje foto, men tusjteikningar, så dei kan ikkje oppfattast som objektiv dokumentasjon. Teikningane indikerer nokså klart at karakterane med pannelokk og relativt lang dekkull over heile kroppen måtte vere relativt vanleg også då. Av dei ikkje alt for skarpe fotoa i Sæland si første bok syns det å vere lette og luftige dyr også på avlsstasjonen på Valle i Setesdal i perioden 1912-18, at der var søyer med horn, at det var flekkete dyr, og at det truleg kan setjast spørsmål ved om skildringa av at dei fleste dyra var kvite, eigentleg er heilt korrekt. Illustrasjonane i dei siste opplaga til Holtsmark og siste boka frå Jon Sæland er tydleg av den fram-avla, nye utgåva av spelsau og har liten verdi som representant for gamletypen. Det var nok frå den systematiske saueavlen si side eit nokså markert påtrykk for å "forbetre" det som fans av gammalnorsk sau den gongen og, sjølv om Sæland hyllar "kortrovene" i sterke ordelag, både for  åtferd og utsjånad, og som morsøyer og mjølkarar, sjå vedlagde bilde frå dei første utgåvene til Holtsmark og Sæland. Det vil vere viktig for å få stadfesta korleis restane av gammalnorsk sau såg ut, dersom det finst foto av denne typen sau i gamle familiealbum frå der denne sauetypen heldt ut lengst.

Alv Ottar Folkestad
Leiar i Norsk Villsaulag

Ps: Om du sett pris på arbeidet vi i Norsk Villsaulag gjer, sett vi veldig pris på om du melder deg inn og støttar arbeidet vårt! Klikk her for meir info!


Frå Sæland 1918

Frå Holtsmark 1951

Kommentarer

  1. Andre opprinnelige saueraser i norden er også korthalesauer, altså spælsauer. Finsk landrase er et eksempel på dette. Sauen på bildet fra Varanger er en slik sau. En underart av sauerasen fins på nordkalotten og kalles «kainuun harmas « som betyr Kvenlands grå. Disse var vanlig i Nord før krigen. Ulla er jamn uten dekkhår. Prester på 1700 tallet skriver sørover om de spesielt fruktbare sauer i Finnmarken. Fruktbarhet er også et kjent trekk ved denne typen spælsau ,finsk landrase.

    SvarSlett
    Svar
    1. Samlenamnet på desse regionale variantane av spelsau, stuttrover eller stubbrumper, kva populærnamn dei går under, er nordeuropeisk korthalesau. Det var den sauetypen som dei første dyrehaldarane hadde med seg då dei vandra inn frå søraust. I Norden har dei ulike landa fleire lokale variantar som gjennom tidene har hatt sine namn alt etter landskap, driftsform eller særdrag. Finsk landrase er ein av dei og har aner tilbake til bronsealderen. Det har gjennom århundra vore nært samband mellom Finland og Finnmark, både når det gjeld folk og busetnad, og sikkert også når det gjeld husdyr. Slik sett er det heilt naturleg at det frå tid til anna har vore ført dyr over grensa, slik det også har vore gjort lenger sør, og slik det og var over havet mot øyane og landa i vest. Men ut frå dette å slå fast at sauen på bildet frå Varanger rundt 1950, eller sau i Varanger generelt skulle vere finsk landrase, er lite rimeleg. Bildet er tydlegvis frå sommaren, og dermed vil ullfellen vere i vekst og neppe i samsvar med korleis han er som fullt utvaksen på hausten. Jorunn Jernsletten som har studert sau og sauehald i Varanger og skrive ei bok om dette, er i alle fall overtydd om at det som vart kalla «samesauen» og som var vanleg i Varanger fram til den langhala kvitsauen overtok heilt frå ca. 1960, er ein regionalt tilpassa variant av gammalnorsk sau.

      Ei rekkje foto med sau frå 1902 til ca. 1940 viser sauer og lam som på bilde viser klart samsvar med gammalnorsk, og det er påfallande at både Bernt Holtsmark frå ca. 1900 og Jon Sæland 10-15 år seinare kommenterer Finnmark som eit område der det framleis fanst reine besetningar av gammalnorsk sau rundt førre århundreskifte. Kor vidt presterapportar frå 1700-talet samsvarar med dagens oppfatning av finsk landrase som svært fruktbar, vil uansett vere eit spørsmål om kva vi legg i definisjonen no og kva prestane la i det den gongen. Interessant nok har nyare forsking påvist at finsk landrase si evne til å få fleirlingar er knytt til ein arveleg eigenskap kalla «finnevarianten», og at denne har vorte framavla og «foredla» i ny tid. Så kan det stillast spørsmål ved om dette var eit påfallande trekk for denne landrasen også langt attende i tid. Derfor vil bilde av slike sauer frå tida rundt førre århundreskiftet og fram til andre verdskrig vere særdeles interessante for å kunne studere særdrag i høve til det vi elles veit og har opplysningar om.

      Alv Ottar Folkestad

      Slett
  2. Interessant lesning for en strikkende ull-elsker.

    SvarSlett
  3. I enjoy reading this post. I find this so informative! metal fabrication Amarillo, TX

    SvarSlett

Legg inn en kommentar