Raseskulen for gamalnorsk sau: Leksjon 3 - Spælen

I raseskulen sin tredje leksjon, er temaet spælen. I følgje Nina Hovden Sæter i Norsk Genressurssenter, er spælen det viktigaste særtrekket til rasa gamalnorsk sau. Det er sjølvsagt ikkje berre den som skal ha kort og ull-fri spæl; det er eit trekk den deler med dei andre korthalesauane, også kjent som stuttrover, pga dette særtrekket.

Korte spælar, utan ullvekst nedover - Foto: Hilde Buer

Spælen, altso halen til sauen, varierer svært mykje mellom ulike raser. For gamalnorsk sau seier rasestandarden at den skal vere kort, rett (10-12 cm) og utan ull, berre dekkhår. Under merknadar finn vi at kort hale utan ull gir mindre fare for komplikasjonar ved tilgrising. I etterkant av rasestandarden vart vedteken har Norsk Villsaulag arbeidd med å kartlegge lengda, og ein ser at det er få dyr som i dag har ei lengd som stemmer med rasestandaren. Resultata so langt tydar på at det gamle målet på 10-12 cm, ikkje samsvarar godt nok med dyra ein har i dag. Noko av avviket kan nok skuldast at dyra har blitt større dei siste 100 åra, men det kan også vere ulike målemetodar eller eit spørsmål om dei i det heile målte det so presist då talet vart sett i dei gamle skriftene, eller om det var basert i eit anslag. Uansett, vi ønskjer korte spælar på dyra! Ut i frå det vi veit i dag, er lengder under 15 cm ønskeleg på lam, og ein bør praktisere ei maksgrense på 18 cm ved kåring av vêrlam. På vaksne hanndyr, bør målet ligge under 17 cm. Kanskje vert maksgrensa for kåring endra til neste år, når datagrunnlaget er større, men det er altso for tideleg å seie. Det vil i alle fall kome endringar i rasestandarden, men for deg som akkurat har starta på arbeidet med å sikre rasetypiske dyr, må du ikkje henge deg for mykje opp i cm åleine. Kanskje har alle dyra dine lengre spæl enn det som er rasetypisk; då må du prioritere dei kortaste, og aller viktigast, dei tørre. Lengder på spælen er svært arvbart, og om du tek tak i dette, vil det ikkje gå so lenge før du oppnår resultat.

Kort og fin, kun med dekkhår - Foto: Daniel Fjørtoft

Korrekt måte for måling av lengde. Brett med lengdemål vert plassert under spæl mot lår/rumpe - Foto: Egil Kvalsund

Halar utan ull, vert kalla for «tørre». Det er verdt å merke seg at det fins nyansar, og det er kor langt nedover spælen ulla kjem som er indikasjonen på kor «tørr» den er. Det er få individ innanfor rasa som har ull nedover heile spælen, men det er relativt utbreidd med ull eit stykkje ned over spælen, som då ikkje er ønskeleg. For dei vidarekomne kan vi legge til at sjølv i dei "tørre" spælane, fins det innslag av svært korte ullfiber, men det er ikkje dette vi snakkar om når vi seier ullfrie. Då snakkar vi om at ulla ikkje skal fortsett frå ryggen og nedover spælen. Det kan også føyast til at det er ønskeleg at den spissast mot tuppen. Merk at med «rett», meiner ein at den ikkje skal vere bøygd på tuppen, slik enkelte med lengre spæl kan få.

Ein stasvêr frå Haugalandet, Balder. Dessverre hadde den for lang spæl - Foto: Reidar Christiansen

Dyret til venstre har "tørr" spæl, det til høgre har det ikkje - Foto: Alv Ottar Folkestad

Dette med kort og «tørr» spæl er eit funksjonelt trekk som det er svært viktig å ta vare på. Avføring i ull på hale og rundt rumpa, gjer at dyret kan få sår, infeksjonar og angrep av flogemakk. Ein kan også få overført smitte frå mellom anna snyltarar til lam som får mjølk av morsøya, og slik sett også sette livet til lammet i fare. Eit eksempel på konsekvensane av å avle vekk eit slikt funksjonelt trekk, er den grufulle praksisen med mulesing kjent frå merinosauane i Australia og New Zealand. Praksisen skuldast at dyra har mykje ull på spælen og rundt rumpa, som ein konsekvens av målretta avl på ullmengde. Dette utgjer ei fare for dyra, og for å unngå dette vert delar av dyret si hud  på lår og spæl flådd av, ofte utan smertestillande. Funksjonelle trekk er altso ikkje berre eit flott ord, men noko vi verne om, og sjølvsagt noko som er ekstra viktig for alle dei som driv i ekstensiv utedrift.

Denne spælen er ikkje so lang, men har ull nedover - Foto: Mari Kjennbakke

Dessverre er det spælen det rasetrekket som det ser ut som trengst mest arbeid for å ivareta og forbetre i rasa i dag. Sjølv i områder med generelt gode og rasetypiske flokkar, er der utfordringar med lengda og grovheita på spælen. Truleg er eigenskapen med grov og lang spæl, også kjent som «bever-rumpe», knytt til mellom anna kjøtfylde. Det betyr ikkje automatisk at ein må godta lang spæl for å få opp kjøtfylda på dyra, men det kan bety at der ein gong har vore ei kjøtfull slektslinje med grovare spæl som har fått spreie seg utover, ettersom større og meir kjøtfulle dyr har blitt valt ut til avl. Dyr med kort og «tørr» spæl som også har god kjøtfylde er difor ekstra viktige å ta vare på når du gjer utval.

Når eg sjølv skal velje ut søyelam som skal få bli livdyr i eiga besetning, er spælen det første eg ser på. Alle som har alt for lang eller ullkledd spæl, ryk ut før eg går vidare å ser på andre trekk. Dette er eit svært enkelt trekk å kjenne igjen, og etter ein kort introduksjon vil sjølv folk som ikkje har arbeidd med verken sau eller rasestandard kunne gjere gode vurderingar. Søyelamma eg står igjen med, vil sjølvsagt ha litt ulike lengder og grader av ull på spælen. Når eg då skal vurdere desse dyra, kan dyr med andre gode trekk eller dyr som sikrar mangfaldet, bli prioriterte sjølv om dei ikkje har den aller beste spælen. Håpet er at desse kan gje avkom med for eksempel sjeldne fargar, som har betre spæl enn det mora hadde. Ein kan altso ikkje sjå seg heilt blind på eit enkelt trekk åleine, men ein bør starte med å fjerne dei som ikkje held ein viss standard. På denne måten kan ein over nokre generasjonar heve standarden på eit viktig avlstrekk. Dette gjeld sjølvsagt i alle høgste grad vêrane, som har eit stort genetisk avtrykk i flokken. Å velje vêrar med kort og «tørr» spæl med rett form, bør vere eit mål for alle, og eit krav til dyr under kåring og inntak til semin.


Hovudpunkt å ta med seg i utvalet:
Spælen skal vere fri for ull.
Spælen bør vere kileforma.
Ta bort dei med lange og grove spælar, og du vil på sikt heve standarden i flokken din.

Spørsmål eller kommentarar? Fyr laus i kommentarfeltet under.

Hugs å følgje Norsk Villsaulag på Facebook for å bli varsla når neste leksjon er ute. Då skal vi sjå på horn på hodyr. Og er du endå ikkje medlem i Norsk Villsaulag? Meld deg inn i dag! Alle som har interesse i gamalnorsk sau er velkomne.

Takk til alle som bidreg!

Daniel Fjørtoft
Nestleiar i Norsk Villsaulag



Denne søya i "sommardrakt" har ein noko lang spæl, men den er fin og "tørr" - Foto: Mari Kjennbakke

Rett form og utan ull, men i lengste laget - Foto: Daniel Fjørtoft

Desse to har spælar som er for lange for å verte rekna som rasetypiske - Foto: Mari Kjennbakke

Måling av spæl-lengde på risbitar - Foto: Anders Braanaas

Måling av spæl-lengde på risbitar - Foto: Anders Braanaas

Kort spæl, som tydeleg viser at ulla ikkje går nedover rota på spælen - Foto: Anders Braanaas


Kommentarer

  1. Veldig bra og grundig gjennomgang av halen på korthalesauen vår. Ein ting som burde undersøkjast er om kort spel er knytta saman med andre eigenskapar. Eg tenkjer i første omgang på lang ull. Kor tamme dyra er (vaktsomme eller sløve) og flokkeigenskapar. Alle desse eigenskapane er område kor korthalesauen skil seg frå meir foredla sauer.
    Anders Braanaas

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei! Takk for det! Eg er heilt einig i at det hadde vore spennande å vite meir om. Spørsmålet er sjølvsagt korleis vi skal finne det ut. Eg skal i alle fall ha det i tankane, om det dukkar opp situasjonar der vi kan finne ut av dette.

      Slett
  2. Her er det en del rasemål/ønsker/uttalelser jeg gjerne vil ha litt diskusjon om.

    Daniel skriver – med støtte fra flere og fra eldre litteratur – at det ønskelige er en spellengde på 10 – 12 cm for lam.

    Videre står det i artikkelen at svært mange dyr har lengre spel. Derfor foreslås det at maks
    spellengde for å bli kåra bør settes til 18 cm.
    18 cm er hele 50 % over det maksimalt ønskelige! Er ikke det vel mye avvik?
    Nå skriver Daniel videre at dette kan være et foreløpig maksmål, og at vi kan stramme inn på krava seinere.

    Dermed går det an å være enig i dette enn så lenge.
    Men så fortsetter Daniel: For risbiter og voksne værer settes maksmål til 17 cm.
    Hvordan skal vi få dette til å henge i hop?
    Vi må vel anta at værlammet med opptil 18 cm spel vokser en god del fram til høsten året
    etter. Hvis lammet vokser, så vokser spelen også. Like vel skal spelen være 1 cm kortere enn året før.

    La gå at vi gjerne skal stille strengere krav til voksne værer enn til værlam, men blir det ikke litt drøyt å vrake en som ble kåra året før p.g.a. spelen har vokst i takt med kroppen?

    Tilbake til det optimale: 10 – 12 cm.
    Det er nødvendigvis samsvar mellom et dyrs størrelse og proporsjonene på de ulike
    kroppsdelene. Så også med spelens lengde.
    La oss tenke oss to værlam til kåring: Nr. 1 er 35 kilo, nr. 2 er 43 kg.
    Nr. 1 har en spel som er 12 cm. Med andre ord innafor det optimale.
    Nr. 2 er 8 kg tyngre/større. Nr. 2 er da ca. 23 % større. Bør ikke da spelen også kunne være
    23 % lengre? 12 cm + 23 % blir ca. 14,7 cm.
    14,7 er godt over kravet på 12, men forholdsmessig etter størrelse er den egentlig like god
    som spelen til nr. 1!

    Konklusjon
    Vi kan ikke ha samme krav til spellengde uansett størrelse på dyret. Spellengden må
    vurderes i forhold til dyrets størrelse.
    Ellers er jeg helt enig i alt som er skrevet om uønska ull på spelen. Jeg vil også tilføye at i
    flokken på Hauge er vi langt fra å ha de rette spelene. Så dette er ikke skrevet av en som er fornøyd med egne dyr.

    Reidar Christiansen

    Red.merk: Dette vart sendt til oss frå Reidar med ønskje om å bli lagt til som kommentar.

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Reidar og takk for mange gode spørsmål!

      For å gjere ei veldig lang historie kort: vi veit for lite om lengdene rundt om i landet til å nekte kåring av vêrlam opp til 18 cm. Det er altso eit krav at dei skal vere under 18, men eit mål at dei skal vere under 15. For vaksne vêrar er det ikkje sett eit krav, då desse ikkje vert kåra av NSG. Vi har likevel eit definert eit mål for desse. Det er altso forskjell på eit mål og eit krav.

      Målet no, er å samle meir info slik at vi kan sette kriteria for neste års kåringar på eit betre grunnlag. Det vert i år arrangert kåringa rundt om i landet, mange stadar for første gong. Om vi hadde sett kravet so strengt at få eller ingen dyr vart kåra, hadde vi øydelagt mykje av det gode momente vi opplever rundt arbeid med rasetypsike dyr. Derfor er vi litt romslege i år.

      Når det gjeld at spælen skal vere harmonisk, som du etterlyser, er eg heilt einig. Det vi rett nok ikkje veit nok om, er kor stor faktisk forskjell det er mellom dyr av ulik størrelse. Dette vil vi også forsøke å kartlegge.

      Slett

Legg inn en kommentar