Rasestandard for gamalnorsk sau

Styret i NVL har arbeidd med å få på plass ein rasestandard for gamalnorsk sau, og no vert forslaget lagt ut på høyring.

 

Som du kanskje kjenner til, fins det ingen vedteken rasestandard for gamalnorsk sau. Det fins ein rasebeskrivelse som er vedteken av NVL, men ingen rasestandard slik som ein kjenner frå mange andre saueraser. Den seinare tida har vi sett eit aukande behov for ein rasestandard, og difor har styret i NVL arbeidd med saka. Norsk Villsaulag er som kjent raselag for gamalnorsk sau.



Vi har teke utgangspunkt i malverket for rasestandard frå Norsk Sau og Geit og rasebeskrivelsen som finst frå før. Etter mykje diskusjon og undersøking, har vi kome fram til eit forslag som vi meiner både famnar om mangfaldet, men også kjem med viktige avgrensingar opp mot andre raser. Arbeidet er utfordrande, då rasa ikkje er einsretta, og det å bevare dette mangfaldet er eit viktig mål for framtida. Likevel kan ikkje mangfaldet verte ei unskyldning for mellom anna å drive innkryssing.

No vert rasestandarden lagt ut på høyring, og vi håper flest mogleg tek ein kik på forslaget!
Klikk her for å laste ned - Rasestandard - Styret sitt forslag

Saka skal opp på styremøte i mars, og styret vil då ta stilling til om forslaga skal takast inn i endeleg versjon eller ikkje, og gjere endeleg vedtak i saka.

Både enkeltpersonar, organisasjonar og lokallag kan kome med forslag i saka.

Forslag skal sendast til sakshandsamar Daniel Fjørtoft pr e-post innan 1. april 2016 (ny frist). Alle forslag må grunngjevast og det må kome klart fram kven som står bak forslaget.

På vegne av styret i NVL,
Daniel Fjørtoft

Kommentarer